Hogne Sataøen og Idun A. Husabø: Vestlandsforsking og ungdomskjelda

Av Hogne Lerøy Sataøen og Idun A. Husabø, traineear i 2005 og 2006

Igjen har Vestlandsforsking motteke ein solid bunke søknader om å bli trainee. Årets tal er 33. Rekruttering gjennom traineeordninga har vore eit seks år langt eksperiment med foryngande effekt.

Den gongen vi var nyutdanna og skulle søkje traineeordninga, leverte vi ikkje søknadene utan kvalar. Det halvsleipe og marknadsinfiserte ordet ”trainee” sette tanken på sporet av eit lågt løna skuleringsopplegg importert frå USA til Aker Brygge av eit næringsliv utan skruplar. Men etter kvart såg vi at dette handla om noko anna: forskingsinstituttet i Sogndal, som tidlegare stod fram som eit slags uinntakleg elfenbeinstårn, ville fire ned ein stige. Dei ville ha oss, jyplingar rett frå lesesalen som hadde minimalt med relevant erfaring å vise til. Det såg ut til å vere i orden at vi ikkje visste bak eller fram på eit pensjonspoeng og andre konsept som høyrde det ”vaksne” arbeidslivet til.

Det er seks år sidan Vestlandsforsking gjekk med i traineeordninga, som blei etablert av fire tungvektarar i fylket sitt næringsliv for å rekruttere høgt utdanna arbeidstakarar. For eit regionalt forskingsinstitutt med ein middelaldrande stab blei traineeordninga ganske snart eit funn av sjølve ungdomskjelda. Ordninga slo an både på Vestlandsforsking og blant søkjarar, og søkjarmassen vart fyldigare enn ved vanlege stillingsutlysingar. Den dåverande direktøren, Marit O. Mauritzen, tilsette like godt to traineear det første året. Då Agnes Landstad tok over, heldt ho fram med opplegget, og tilsette ein trainee til i 2006. Året etter kom to nye sprenglærde samfunnsvitarar, og i  2008 kom to til. Til no har Vestlandsforsking hatt sju traineear, alle med utdanning på masternivå. Utdanningsprofilen omfattar éin sosiolog, ein organisasjonsvitar, ein ressursøkonom, ein sosialantropolog, éin bakgrunn frå utviklingsstudiar og to frå samanliknande politikk. Fem av dei sju er jenter.

I åra før det store inntoget av traineear hadde lunsjsamtalane ved Vestlandsforsking pendla trygt kring tema som trening til Birkebeinaren, fødslar og barnehage. Men noko var i emning. Umerkeleg glei konversasjonane over på andre arenaer: Konsertar. Kino. Fjordsymjing. Spleisemiddagar, kajakkutflukter og skitur i måneskin. Brått hende noko med dei mjuke småbarnsfedrane, dei som tidlegare hadde vore på veg inn i midtlivsfasen (og -krisa?) – dei blei unge på nytt. Særleg korridoren til miljøgruppa i kontorbygget ”Vortao” gjekk gjennom ei radikal feminisering. Eller sagt på ein annan måte – frå å vere eit miljø med sterke Ås- og NTH-overtonar til å få ei langt meir heterogen atmosfære. T-skjortene bar ikkje lenger berre preg av Kjeringi Open, Fruktbare dagar og ”Smili”, men òg Moods of Norway, sjølve symbolet på å vere rural og råkul på same tid. Lisseslips og skinnvest fekk selskap av flashy øyreringar frå Accessorize, og blant sportssandalane med ullsokk dukka det opp støvlettar og motesko (for stilig skal det vere sjølv om det er på bygda ein tilfeldigvis oppheld seg).

Trainee-ordninga vart i si tid utforma ut frå (minst) to problemstillingar som har hatt høg prioritet i Sogn og Fjordane: ”å trygge framtidig kompetanse og nyskaping”, som det heitte i den opphavlege planen, i tillegg til å få unge med høgare utdanning til(bake) til Sogn og Fjordane. Undervegs har enkelte nye verksemder kome til, andre har trekt seg ut, talet på traineear har variert og tilsetjingsperioden er korta ned. Sjølve grunnopplegget har likevel stått fast: Traineeane vert knytt til ei spesifikk verksemd, men deltek på 4-5 samlingar saman med unge frå andre verksemder. Ein ekstern ”mentor” følgjer opp, samtidig som det føregår intern opplæring i verksemdene der traineeane høyrer til.
Vestlandsforsking sine traineear har heile tida delteke i forskingsprosjekt. Med det kom kjennskap til alle stega i forskingsprosessen ved eit oppdragsinstitutt: akkvisisjon, søknadsskriving, prosjektmøte, deltaking i styringsgrupper, konferansar, datainnsamling, datahandsaming, analysar, rapportering, publisering og framlegging av resultat. Det kan difor vere rimeleg å karakterisere traineeåret som ei slags lærlingordning for høgt utdanna. Mens traineeane har bidrege til forynging av heile kollegium, har dei ferske fått modnast gjennom samarbeid med erfarne tilsette.

Også Sogn og Fjordane som fylke har fått merke positive ringverknader av traineeordninga. Samarbeidet på tvers av bedrifter har skapt nettverk og ført til fruktbare samarbeid. Det er til dømes tidlegare traineear som har skapt nettportalen Framtidsfylket, som i dag eit AS som arrangerer rekrutteringskonferansar og administrerer traineeopplegget. Gjennom fellesprosjekt har traineeane òg lagt grunnlaget for miljøsertifisering av moderverksemdene, utarbeidd eit næringslivskart for fylket og studert interessa for geoturisme.

Etter seks år med traineeordning, strekkjer aldersstigen ved Vestlandsforsking seg i dag frå 28 til over seksti. Kjønnsbalansen, i alle fall på miljøgruppa, er blitt jamn som eit dansk jorde. Det må nemnast at forynging og forvandling har gått hand i hand med romslege tider i miljø- og klimaforskinga. Ved VF har traineeordninga altså surfa på ei bølgje av uvanleg god prosjektinngang som skapte stimulerande oppgåver og let nytilsette sleppe til med eigne fagperspektiv og vinklingar.

Med tida er den nyvunne harmonien blitt råka av slikt som høyrer dei unge og uetablerte til: fødslar og flytting til kjærestar andre stader. Fire av dei sju traineeane har funne seg anna arbeid, men tre finst ved Vestlandsforsking i 2010, tett vagla rundt 30-årsmerket. Gjennomtrekken har òg hatt sine lyse sider. I 2008 fekk miljøgruppa heile ni nye medarbeidarar. Alle er her framleis, to år etterpå. Men du som har lese dette blogginnlegget og teke til å interessere deg for antropologiske særdrag ved regionale forskarstabar, risikerer å bli skuffa. Forynginga har kome så langt at du i dag knapt kan skilje NTH-arar frå halvvaksne eks-traineear og andre relative ferskingar. Etter seks år med døra på gløtt slentrar alle og ein kvar rundt med rosa designtraktorar på bringa.