Georg Arnestad: Éin gong vestlandsforskar, alltid….

Georg Arnestad var tilsett som kulturforskar ved VF i ni år frå 1988.

Min siste arbeidsdag ved Vestlandsforsking var 30. september 1996. Då hadde eg i nesten ni år, rett nok avbrote av eit år hos Åse Kleveland i Kulturdepartementet, livnært meg som oppdragsforskar, for det meste med forskingsprosjekt på kulturfeltet.  Åtte år med travel oppdragsforsking var i meste laget for ein tilbakelent kar som meg. Eit liv på høgskulen ville passe meg betre.

Enno, snart 14 år etter at eg slutta, er det mange som trur at eg arbeider ved Vestlandsforsking. At det kan gå i surr for innfødde sogndølar kvar helst ein tilflytta ”akkademikkar” jobbar, er forresten ikkje det minste rart. Ein påståeleg nabo hevdar framleis at eg jobbar på DH. Det skulle eg for så vidt gjerne ha gjort.

Men i blada, seminara og konferansane rundt omkring vert eg rett som det er presentert som forskar ved VF. Stundom er dette litt pinleg for VF. Som den gongen avisa ”Nationen” skreiv om forskar Arnestad ved Vestlandsforsking som var sterkt forseinka med ein rapport. Då kom det eit skriftleg dementi frå Marit Mauritzen: Forskar Arnestad jobbar slett ikkje ved VF, men ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vestlandsforsking er ei sterk merkevare. Eit godt namn. Herifrå kjem utgreiings- og forskingsrapportane, i det siste også dei vitskaplege artiklane, på rekkje og rad. Som oftast i tide, til nytte for oppdragsgjevaren og for akademia. Stø kurs har prega VF sidan eg forlét instituttet. Konsentrasjon kring to hovudspor, miljø og IT, har vore ein vellykka strategi, både fagleg og økonomisk. Her er det lite rom for avvik.

VF har ikkje late seg freiste til å satse vidt og breitt eller kaste seg på dei mange bølgjene som rid forskings-Noreg. Det faglege hovudsporet, særleg dei siste åra, har vore at ein skal styrkje og utvikle kompetansen ut frå dei områda ein alt er gode på frå før. Av denne grunn har VF også klart seg godt, overraskande godt, økonomisk.

Mens VF har gått med årlege overskot, har mange, truleg dei fleste, regionale forskingsinstitutta vore gjennom alvorlege økonomiske kriser, med etterfølgjande hestekurar og refinansiering. Årsresultata ved VF har aldri vore betre enn i 2008 og 2009. I botnen for dette ligg solid og sterkt fagleg arbeid. Pluss ein imponerande innsats frå entusiastiske og dyktige medarbeidarar som dreg i lag. Ein ”highly respected team-spirit”, som eit av dei siste spennande  tilskota til VF, Rajendra Akerkar, kallar det i sin blogg, er eit vesentleg trekk ved Vestlandsforsking. Og ein viktig konkurransefordel. Ei krevjande og romsleg instituttleiing er ein nødvendig føresetnad for å få dette til. Også det har Vestlandsforsking vore velsigna med.

La gå at eg som fou-direktør på Høgskulen gjerne skulle ha sett eit VF med nokre fleire faglege føter å stå på. La gå at eg stundom kunne ønskje meg at miljøimperativa ved VF var mindre kategoriske enn dei er. HSF og VF er ingen perfekt  fagleg ”match”. Fagområda våre grip lite inn i kvarandre. Organisatoriske initiativ på å administrere fram samarbeid har gitt få direkte resultat. Gode personlege initiativ har derimot ført til konstruktivt samarbeid kring ei betydeleg felles satsing på forsking om fornybar energi. På andre og mindre felt veks det òg fram gode relasjonar mellom nokre VF- og HSF-forskarar. Det er lovande. Og dei nye og unge bryr seg, gudskjelov, lite om revir og tilstivna småkongedøme.

Eg er i grunnen litt stolt over at eg framleis, i 2010, ein hende gong vert presentert som forskar ved Vestlandsforsking. I dette ligg òg eit ønske om at den felles HSF- og VF-foten det neste tiåret skal verte større og stødigare enn den så langt har vore. Å få det til er den største utfordringa for forskingsmiljøa her i fylket.