Informasjonsflyt i kommunesektoren

Vestlandsforsking fekk i oppdrag av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og IT-forum Sogn og Fjordane å kartleggja hindringar for betre informasjonsutveksling mellom kommunane i fylket i tillegg til å sjå på eventuelle hindringar for å ta i bruk Miside. Vi har kartlagt status for samarbeid på IT-sida i regionane i fylket og sett på hindringar for betre informasjonsflyt mellom kommunane og mellom kommunane og andre offentlege verksemder. Vi har også sett på mulege hindringar for at kommunane i fylket skal tilpassa seg Miside.

Rapporten kan lastast ned frå www.vestforsk.no/www/show.do
Kontakt forskar Svein Ølnes for meir informasjon (tlf. 917 39 918).