Tango for tre

Skal vi greie å skape større verdiar i Sogn og Fjordane, er det viktig at bedriftseigaren, forskaren og den offentlige rådgjevaren stikk hovuda saman for å tenke og handle i lag. Dette blir ofte kalla eit trippel heliks-samarbeid. Eit samarbeid som omfattar alle tre partane, og ikkje berre samarbeid mellom ein eller to av aktørane, kan vere viktig for å få auka verdiskapinga i Sogn og Fjordane.
(Av: Ingjerd Skogseid, VF, og Jon Gunnar Nesse, Høgskulen i Sogn og Fjordane)

I det siste har det vore fleire interessante artiklar i lokalavisene om vegen vidare for Sogn og Fjordane når det gjeld næringsutvikling og utbygging av infrastruktur. Forfattarane etterlyser betre evne til samarbeid mellom bedrifter (Halvor Flatland, SA 12.6.14) og mellom politikarar og andre med innverknad (Arvid Andenæs, Kronikk SA 18.6.14/Firda 14.6.14/Firdaposten 19.6.14).  Det innlegga peikar på, er at samarbeid i nettverk er nødvendig for å fremje ei positiv utvikling i fylket. Vi er einige i at samarbeid i nettverk er viktig; spørsmålet er kven som bør vere med for at samarbeidet skal bere frukter. Nettopp dette har vi teke for oss i eit nyleg avslutta forskingsprosjekt med namnet Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) i Sogn og Fjordane.

Når tre svingar seg
I forskingslitteraturen peikar mange på samarbeid mellom næringsliv, forskings- og utviklingsverksemder og offentleg sektor som ein måte å auke verdiskapinga på.  Trippel heliks-modellen viser til tre spiralar som tvinnar seg rundt kvarandre, eller svingar seg i dansen, om du vil. Spiralane representerer næringslivet, det offentlege og forskinga – eller handling, finansiering og kunnskap – tre faktorar som må til for å skape innovasjon.

Men trippel heliks-biletet med tre jamstore sektorar passar ikkje heilt på område som Sogn og Fjordane. Fylket vårt er ikkje berre tynt folkesett, det er også «organisatorisk tynt». Med andre ord: Vi har mange små bedrifter, få FoU-miljø og store avstandar. I Sogn og Fjordane vert offentlege miljø alltid store samanlikna med bedrifter flest. Samhandling i nettverk om utvikling i Sogn og Fjordane kan sjåast på som eit komplekst, men dynamisk, økosystem for innovasjon. Deltakarane er forskings- og utdanningsmiljø, private og offentlige verksemder og finst på lokalt, kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. I eit nettverk, eit innovasjonsøkosystem, er deltakarane gjensidig avhengige av kvarandre. Når dei samhandlar og det går bra med den eine, går det også bra med den andre, iallfall når ein ser det over tid.

Korleis danse godt?
Dansen kan humpe når ein er tre i staden for to. I forskingsprosjektet VRI Sogn og Fjordane har vi sett søkjelyset på seks funksjonar vi meiner er viktige for å få nettverkssamarbeidet i eit innovasjonsøkosystem med tre partar til å fungere godt.  For det første må det vere attraktivt å bli med. For det andre må nettverket vere i stand til å utvikle ny kunnskap og dele han med kvarandre. Det tredje som må til, er at det faktisk skjer innovasjon i regi av nettverket. Det må med andre ord kome noko nytt ut av samarbeidet som ikkje hadde vore muleg utan nettverket – til dømes produkt, framgangsmåtar eller organisasjonsformer. Eit døme er bringebærbøndene på Vangsnes som tok i bruk plasttunellar etter ein studietur til England; dette hadde neppe skjedd utan nettverket dei var med i.

Ein fjerde funksjon er at nettverket må ha legitimitet. Både deltakarar og andre utanfor nettverket må tykkje at nettverket er truverdig og positivt. Femte punkt på lista gjeld evna til å mobilisere ressursar. Nettverket må makte å løyse ut midlar, knyte kontaktar og byggje kunnskap på ein meir effektiv måte enn det enkeltdeltakarar greier. Eit siste punkt er at nettverket bør skape nytte for fleire enn dei som er med. Kunnskap og produkt dei har utvikla, kan altså kome andre til gode. Oppdagar ein gratispassasjerar, veit ein med andre ord at ein har lukkast med nettverket.

Breibandutbygginga i Sogn og Fjordane er eit døme på eit nettverkssamarbeid som har vore til stor nytte for mange, både innanfor og utanfor nettverket. Arbeidet har vore langsiktig. Til no er det investert om lag 200 millionar kroner i denne infrastrukturen i fylket. Men det starta i det spede, mellom anna i eit samarbeid mellom miljø i Sogndal, Luster og Leikanger. Kapasitetslaget AS, etablert i år 2000, vart skipa gjennom eit samarbeid mellom små bedrifter som trong høg internettkapasitet, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen, med fleire. Enkelt fortalt samarbeidde dei om tilrettelegging av lokal infrastruktur, men også innkjøp.  På den tida var bandbreidde dyrt. Gjennom eit innkjøpssamarbeid klarte ein forhandle fram betre kapasitet til ein lågare pris – til stor nytte for både bedrifter, forskings- og utdanningsmiljøa og offentlege etatar.  At det offentlege gjekk inn i samarbeidet, var med på gjere det muleg for fleire bedrifter å delta i utviklinga og bidra til kunnskapsbasert verdiskaping.

Tre er betre enn ein eller to
Fylkestinget har nett vedteke ein verdiskapingsplan for fylket. Politikarane ser på samarbeid som heilt vesentleg for å nå målet om auka verdiskaping. Då er det viktig å hugse at samarbeid ikkje handlar om «dei andre», men om «oss». Det er ikkje berre næringslivet som må samarbeide betre i fylket vårt. Innsatsen må gå på tvers av organisasjonar og geografi, og både næringslivet, det offentlege og forskarar må delta i nettverka. Det er plass til alle på dansegolvet.

 

VRI står for verkemiddel for regional FoU og innovasjon. VRI 2011-13 er eit forskingssamarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Noregs forskingsråd.

 

Rapportane finn du her.