Tid: Fredag 25.03 frå kl. 13.00 - ca. 15.00.
Stad: Quality Sogndal Hotel
Pris: Gratis
Føredragshaldar: David Norheim, Computas
Sjå seminaret kringkasta på nettet her.
David Norheim, ansvarleg for Computas' satsing på opne data og ekspert på semantiske teknologiar, vil gi ei innføring i spørjespråket SPARQL.
SPARQL er heilt sentralt for å kunna utnytta potensialet i lenka data (Linkded Data). Det er språket for å henta ut ressursar frå "LOD-skya" (Linked Open Data).
David vil særleg ta for seg SPARQL 1.1, den nyaste versjonen av språket, og forklara kva som er nytt i høve 1.0.
Seminaret er ei innføring i tema, og alle som er interesserte i lenka data vil ha utbytte av det. Dei som kjenner litt til SQL (spørjespråk for relasjonsdatabasar) vil sjå at SPARQL er konstruert med utgangspunkt i dette.
