Korleis kan vintersportdestinasjonar førebu seg på klimaendringane?

Vestlandsforsking har fått utarbeidd framskrivingar for naturlege snøforhold og vilkår for kunstsnøproduksjon ved dei fleste norske alpinanlegg for åra 2030, 2050 og 2080.

Desse har vore drøfta med representantar for eit utval skianlegg og destinasjonsselskap, kor vi har fått innspel til justeringar og diskutert aktuelle strategiar for tilpassing til varmare vintrar.

I samband med Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar, inviterer Vestlandsforsking til seminar der vi ønskjer å ta denne diskusjonen vidare, i tillegg til å presentere justerte framskrivingar. Desse vil bli presentert av Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck.

Stad: Quality Hotel, Sogndal

Tid: 22.februar, 12-15.30 - Deltakarane er tilgjengelege for spørsmål frå media frå kl 15.00

Program

Påmelding innan 10. februar til img@vestforsk.no

I media:

Skidagene smelter bort, Dagens Næringsliv, 16.02.2017 (krev innlogging)

Intervju med forskar Ida Marie Gildestad,  NRK Sogn og Fjordane: Forskar om skisport i framtida

Sunnfjord og Nordfjord vert snøtaparar i framtida, Firda 23.02.2017 (krev innlogging)

Forsker forventer konkurser og dyrere heiskort, Dagens Næringsliv, 23.02.2017 (krev innlogging)

Den nye normalen, Kronikk i utemagasinet.no av Halvor Dannevig


Kontaktpersonar