Karl Georg Høyer er død

Tidlegare direktør og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Karl Georg Høyer, døydde laurdag 10.november.

Karl Georg var 1985 i eigenskap av rektor ved dåverande Distriktshøgskulen i Sogndal,sentral i etableringa av Vestlandsforsking i 1985 og var tilsett i instituttet frå 1987 til 2010. I åra 1987-1991 var han direktør for instituttet og deretter var han forskingsleiar for miljøforsking i åra 1991 til 2005, då han vart professor ved Høgskolen i Oslo. Frå 2005 og fram til han døydde var Karl Georg knytt til Vestlandsforsking i ei 20% stilling.

Karl Georg var ein kunnskapsrik fagleg leiar og rettleiar med stor integritet og tyngde. Han var tydeleg og kompromissa ikkje på fagleg kvalitet, og var samtidig lydhøyr og undrande til nye perspektiv og nye tankar. For dei som fekk arbeide under hans rettleiing, var han ein tydeleg og krevjande rettleiar, men også støttande og omsorgsfull. Han engasjerte seg sterkt i den faglege kvalifiseringa av Vestlandsforsking, og hadde samstundes omtanke for kollegaene og brydde seg om medarbeidarane sine.

Karl Georg hadde eit stort akademisk nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Han hadde også eit stort nettverk i forvaltninga. Alt dette var viktig for utviklinga av Vestlandsforsking.

Han var særleg oppteken av forsking for ei berekraftig utvikling og av tverrfagleg forsking. Han var også oppteken av etikk og og var i mange år medlem av Bioteknologinemnda, regjeringa sitt rådgjevande organ for genteknologi og bioteknologi.
Karl Georg var opphavleg sivilingeniør frå universitetet i Edinburgh. Før han kom til Sogndal var han tilsett m.a. ved Arkitekthøgskolen i Oslo og la ned ein stor innsats i organisasjonen Aksjon mot atomkraft. I tida ved Vestlandsforsking tok han i 1999 doktorgrad innan berekraftig mobilitet ved Universitetet i Roskilde og fekk i 2001 tilkjent professorkompetanse i miljøplanlegging ved Universitetet i Aalborg.

Mange er vi som har opplevd Karl Georg som trygg samtalepart og rettleiar på ulike nivå, som har blitt utfordra og har utfordra, som har opplevd å vere hjarteleg usamde og hatt diskusjonar med han, som har gått omkapp med han på ski – og tapt!, og som har kjent varmen frå han og har lært å vere glad i han.

Der står tydelege spor etter Karl Georg både i norsk og internasjonal forsking, i norsk miljøpolitikk og i kvar enkelt av oss som fekk gleda av å arbeide saman med han. Ein vegg er borte i Vestlandsforsking med Karl Georg sin bortgang.

Karl Georg Høyer skal bisettast  i Nordberg kirke i Oslo fredag 23. november kl 14.00.