I Japan med det internasjonale arktiske vitskapsrådet

Forskar Halvor Dannevig har vore i Japan for vere med og stake ut kursen for arktisk forsking i dei neste ti åra.

Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking er ein av to norske forskarar som har fått innpass i det internasjonale arktiske vitskapsrådet (IASC) si arbeidsgruppe for samfunnsfag og humanistiske fag. Arbeidsgruppa har til saman 28 medlemmer. Den andre norske, som også var til stades i Japan, er Gunnhild Hoogensen Gjørv ved Norges arktiske universitet i Tromsø. Medlemmane blir valde for to år av gangen, og Dannevig er i sin andre toårsperiode.

Forskar + fiskar gir betre kunnskap

Vitskapsrådet IASC samlar forskarar frå land som ligg i, grensar til eller har politiske interesser i Arktis. For tida er det den norske etnologen og polarhistorikaren Susan Barr ved Riksantikvaren som er president i IASC. Arrangementet Dannevig reiste til Japan for å delta på, var den årlege Arctic Science Summit Week. Under denne overbygninga heldt IASC møte i dei ulike arbeidsgruppene og ein vitskapleg konferanse med 700 deltakarar der Dannevig heldt eit innlegg knytt til doktorgradsarbeidet sitt.

- Eg snakka om korleis forskarar kan involvere folk som lever og arbeider tett på naturen i ein «samproduksjon av kunnskap». I praksis betyr det at forskarar som studerer klimaendringar koplar tradisjonell kunnskap til sin eigen kunnskapsproduksjon, slik at sluttresultatet blir påverka både av det som t.d. ein fiskar veit og det ein forskar veit, fortel Dannevig. Målet med denne samproduksjonen er å bidra til eit berekraftig samfunn i Arktis, altså eit samfunn der folk både handterer endringar og skjøttar naturressursane i området på ein god måte.

- Viss ein skal samle inn data i eit lokalsamfunn over lang tid, og kan få med seg nokon der som partnar i innsamlinga av data, endar ein opp med meir solid kunnskap enn om ein arbeider åleine som forskar, seier Dannevig.

Vil handle meir om tilpassing

Eit viktig føremål med den vitskaplege konferansen, som berre blir arrangert kvart tiande år, er å planleggje retninga for arktisk forsking i dei ti åra som kjem.

- Tidlegare har mykje av forskinga på Arktis handla om sjølve klimaendringane og korleis dei slår ut i arktiske område. No kjem det ei dreiing mot eit breiare fokus på berekraft, med vekt på å gjere samfunna i stand til å tilpasse seg endringar på ein måte som ikkje skadar miljøet og ressursgrunnlaget, fortel Dannevig.

Dannevig fekk støtte frå IASC til å arrangere ein workshop heime i Noreg.

- Temaet blir korleis ein kan tilpasse seg til klimaendringane i Barentsregionen, seier han.

Arktis viktig for Japan

Japan er ikkje ein arktisk stat, men nordområda og klimaspørsmålet betyr mykje for dei. Dette viste vertslandet for vitskapsveka om arktisk forsking ved å sende både utdanningsministeren og prinsesse Takamado til den vitskaplege konferansen. Også visejustisministeren og ein komitéleiar frå det japanske parlamentet vitja konferansen.

Under opphaldet fekk Dannevig òg med seg eit par japanske «must», lyntog og rå mat – sashimi av hestekjøt og blekksprut. Den fjellvande forskaren let seg elles imponere over brøytekantar med ei snøhøgd på heile 19 meter.