Forskar/seniorrådgjevar EU-forsking

Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

Vi har ledig stilling som forskar/seniorrådgjevar innan instituttet si EU-satsing og internasjonale forskingssamarbeid.

Instituttet har lang erfaring med deltaking i EU-prosjekt. Med den nye stillinga ønskjer vi å ytterlegare styrke evna vår til deltaking i forskingsprosjekt med internasjonal finansiering, særleg Horisont 2020 men også Interreg, EØS-programma og andre internasjonale finansieringskjelder.

Ansvar og oppgåver vil vere delt mellom eigen forskingsaktivitet og administrativt arbeid med ansvar for å samordne og vidareutvikle kunnskap om utvikling og drift av EU-prosjekt.  Arbeidet vil inkludere:

  • Informasjon og rådgjeving
  • Bidra i søknadsarbeid og kvalitetssikring
  • Identifisere relevante utlysningar
  • Identifisere relevante nettverk og plattformer for samarbeid om EU-prosjekt og vere pådrivar for nettverksbygging mot eksterne samarbeidspartnarar og finansieringskjelder
  • Bistå i kontraktsforhandlingar og oppstartsfasen for nye EU-prosjekt
  • Bidra til å utvikle gode rutinar og kvalitetsforbetrande tiltak
  • Gjennomføring av  eigne forskingsprosjekt og  utvikling av nye prosjekt med både nasjonal og internasjonal finansiering

Vi søkjer etter ein dyktig og motivert medarbeidar med relevant utdanning på master- eller doktorgradsnivå innanfor instituttet sine forskingsområde.  Du bør ha erfaring frå prosjektutvikling, søknadsprosessar og prosjektgjennomføring innan EU sine forsking- og innovasjonsprogram.

Det vil bli lagt vekt på formell kompetanse, vitskapleg publisering og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må ha god framstillingsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal. Reiseaktivitet må påreknast.

For nærare informasjon om stillinga:

Forskingsleiar Ivar Petter Grøtte, tlf: 90828418, e-post: ipg@vestforsk.no

Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist er 30. mars 2016

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, IT og reiseliv. Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane og har nettopp hatt 30-årsjubileum. Her er vi lokalisert i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning og entreprenørskap. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.