• fly seterader

    – Flyselskapa bør ikkje lenger tilby billige billettar. Berre ved å ta meir for kvart sete, kan næringa kome i gang med klimaomstilling, meiner reiselivsforskar og professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

  • laptopp og hender

    Å være mykje på skjerm er ingen garanti for at ungdom finn vegen på Nav sine nettsider. Det viser ein ny studie av digitale ferdigheiter blant ungdom utanfor arbeid, opplæring og utdanning. – Visse grupper er meir sårbare enn andre i digitaliseringsprosessen samfunnet vårt går gjennom, seier Gilda Seddighi.

  • ung mann i anorakk og panneband med illustrasjon av sau bak seg

    – Å vere trainee er ein måte å prøve forskarrolla på utan å bli sleppt rett ut på djupt vatn, seier Torbjørn Selseng. Han kom sjølv til instituttet gjennom denne ordninga for tre år sidan. No er ei ny traineestilling lyst ut med 15. mars som søknadsfrist.

  • bre turisme guida tur

    Norsk reiseliv vil bli påverka av klimaendringane i åra framover, men òg av ein strengare klimapolitikk. – Likevel har næringa ingen felles strategi for korleis dei skal møte endringane, seier seniorforskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.

  • fjellturisme, breføring

    Vestlandsforsking har fått finansiering til fleire nye forskingsprosjekt, både frå Noregs forskingsråd og Regionale forskingsfond. To prosjekt handlar om arealbruk og klima og eitt om korleis klimaendringane påverkar fjellturismen. I tillegg kjem eit prosjekt om tradisjonshandverk og kulturturisme i Kvam og eit om nye og berekraftige helsetenester i Sunnfjord.

  • teknologi

    Lurer du på korleis kunstig intelligens påverkar samfunnet vårt eller om sosiale medium kan vere ein ressurs for samfunnsberedskap? Synest du det er spennande å finne ut korleis digitalisering verkar inn på skule, arbeidsliv og fritid? Dette er nokre av spørsmåla teknologi- og samfunnsforskarane våre jobbar med dagleg.

Nye prosjekt

Nye publikasjonar