e-Helse
E-helse handlar om innføring og bruk av digitale løysingar i pleie- og omsorgstenester, med mål å heve kvalitet, tryggleik og effektivitet i helse- og omsorgssektoren. Digitale tenester skal bidra til enklare kontakt og til at befolkninga opplever helse- og omsorgstenesta som heilskapleg og tilgjengeleg. Vestlandsforsking forskar på innføring og bruk av velferdsteknologi, med særleg vekt på kommunale helse- og omsorgstenester, og vi samarbeider tett med dei regionale aktørane på feltet. Det regionale og rurale perspektivet er sentralt, då det gjev andre utfordringar enn i byar og tettbygde strok, samstundes som teknologi kan gje verdifulle bidrag når helse- og omsorgstenester skal famne store geografiske avstandar.