Klima og miljø
Omstilling til eit berekraftig og klimarobust samfunn er ei av vår tids største utfordringar. Forskingsgruppa for klima og miljø ved Vestlandsforsking bidreg med ny kunnskap som kan vere med på å løyse denne utfordringa.
Forskingsområda våre inkluderer tilpassing til klimaendringar, forbruksinnretta forsking på energi og transport, livsløpsanalysar og sirkulærøkonomi i tillegg til naturressursforvaltning og berekraftig lokalsamfunnsutvikling. Ofte tek forskinga utgangspunkt i klima- og miljøutfordringar i regionen vår, samtidig som vi har mange prosjekt med eit nasjonalt eller internasjonalt fokus. Vi har òg ei prosjektportefølje innan klimatilpassing, reiseliv og arealbruk i Arktis.
Klima- og miljøgruppa jobbar tverrfagleg, og i dei fleste prosjekta har vi lagt vekt på involvering og medverknad av brukarpartnarar for å sikre relevans og god effekt av kunnskapen vi produserer.
I dag tel klima- og miljøgruppa i overkant av 20 forskarar med bakgrunn frå fagområde som naturforvaltning, sosialantropologi, samfunnsgeografi, statsvitskap og planlegging.