Opplevingsturisme
Forskinga vår på opplevingsturisme har som mål å styrke kunnskapen om korleis meir aktiv bruk av natur- og kulturressursar kan gje grunnlag for auka verdiskaping i eit berekraftig norsk reiseliv.
Det finst til dømes lite systematisk og forskingsbasert kunnskap om kvalitet og profesjonalitet hjå den delen av norsk reiselivsnæring som tilbyr aktivitetar i naturen. Med dette som bakgrunn har vi vore involverte i eit treårig forskningsprosjekt som skal bidra til utviklinga av eit sertifiseringssystem for naturbasert opplevingsturisme. Vi har jobba med dei sentrale bedriftsklyngene i landet for å auke kvalitet, profesjonalitet, tryggleik, lønsemd og berekraft i naturbasert opplevingsturisme.