Norsk senter for berekraftig klimatilpassing - Noradapt

Noraddapt logo

Noradapt er eit nytt, nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing, etablert ved årsskiftet 2018/2019. Vestlandsforsking driv senteret, som består av åtte partnarinstitusjonar. Kvar av dei er representerte i ei leiargruppe.

Samfunnsnytte

Noradapt spring ut av eit stort behov for å skaffe og samle brukarretta kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg dei forventa klimaendringane, på tvers av samfunnssektorar og fagfelt. Klimaendringane kjem til å råke alle delar av det norske samfunnet og vi treng ein brei og samordna innsats for å finne gode løysingar.

Levande laboratorium

Sogndal, der Noradapt sin vertsinstitusjon, Vestlandsforsking, held til, ligg midt den nye regionen Vestland. Både natur, landskap og vêrforhold gir eit unikt utgangspunkt for å studere endringane Norge vil møte i åra framover. Regionen omfattar alle naturtypane som finst i Norge og heile spennet av buområde frå storby, via mindre og mellomstore tettstader og reine industrisamfunn til spreiddbygde landbruksområde. Noradapt og Vestlandsforsking har med andre ord eit omland som fungerer som eit levande laboratorium i forskinga på korleis klimaendringane verkar inn på natur og samfunn og korleis vi kan tilpasse oss.

Ambisjonar

Berekraftig klimatilpassing er eit eige forskingsfelt der vi har som mål å være det leiande forskingsmiljøet i Norge og eitt av dei leiande internasjonalt. Med skipinga av Noradapt ønskjer vi å vere front på desse områda:

  • Rettleiing: Tilby forskingsbaserte råd om klimatilpasning til offentlege institusjonar som har til oppgåve å rettleie andre (jf. www.klimatilpasning.no) og sjølv rettleie på område som ikkje er det offentlege sitt ansvar i dag.

  • Utgreiing: Utvikle brukartilpassa kunnskap om klimatilpassing i dialog med private og offentlege verksemder.

  • Næringsutvikling: Samarbeide med næringslivet om å utvikle nye produkt og tenester innan klimatilpassing, til dømes teknologi som kan redusere risikoen for naturskade.

  • Forskingsformidling: Vidareføre konferansen «#Klimaomstilling» som den årlege, nasjonale arenaen for presentasjon av ny, brukartilpassa klimakunnskap.

  • Undervisning: Tilby undervisning om klimatilpassing på høgskule- og universitetsnivå.

 

Les meir på Noradapt si nettside

Startdato:
Prosjektnummer:
6516
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg i Noradapt
Aktuelt:
  • Menneske saman i konferanserom

    Klimaendringane gjer det vanskelegare å dyrke mat i store delar av verda og tvingar bøndene til å tilpasse seg nye vêrmønster. Dette er ei felles sak for Utviklingsfondet og Noradapt, som nyleg møttest hjå Vestlandsforsking for å bli betre kjende og vurdere framtidig samarbeid.

  • Iselin Nybø gestikulerer i ved møtebord framføre presentasjon

    Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, besøkte tysdag Vestlandsforsking for å få innblikk i arbeidet ved det nye klimatilpassingssenteret.