Enhance New Approaches in BioBased Local Innovation Networks for Growth

ENABLING er initiativet til 16 partnarar i 13 land i EU og EU-samarbeidsland (IL, NO). Hovudmålet er å støtte spreiing av beste praksis og innovasjon i tilverking (produksjon, omarbeiding) av biomasse til BBI (Bio-Basert Industri). ENABLING har som konkret mål å legge til rette for utvikling av effektiv biomasse til verdikjeder knytt til BBP (Bio-Baserte Produkt og Prosessar).  Konsortiets visjon er at Europa har eit stort potensiale for å optimalisere tilgang på biomasse til innovative bio-baserte prosessar og produkt.

Å skalere opp biomasseproduksjon og omarbeiding, samt å kombinere straumar mot BBP med dei meir tradisjonelle bioenergikjedene, vil gje minst tre forbetringar:

  • Biomasseproduksjon kan skalerast opp og imøtekomme høgare etterspurnad i både for bioenergi og BBI 
  • Styrking av biomassetilgang for BBI gir fordeler for dei små aktørane, og hjelper dei med å utvide sine marknader og konsolidere biomassekjelder
  • Styrking av biomasse- og BBP-koplingar kan skape fleire jobbar på grunn av auka behov for faglærd arbeidskraft

For å bidra til dette skal prosjektet samla og engasjere partnarar for å etablere ei permanent innovasjonsmeklarplattform, som i framtida truleg vert ei av dei viktigaste marknadsplassane og akselratorar for innovasjonsoverføring på europeisk nivå.  På denne måten organiserer prosjektet sitt arbeid kring to byggeklossar: den eine handlar om å aktivere interessentane (innan landbruk og BBP), identifisere beste praksis slik at det vert enklare å få tilgang til innhald (på formatet til den Europeiske Innovasjonsplattforma EIP) for deira potensielle brukarar og gje interessentar opplæring og rettleiing om innovasjon. Den andre byggeklossen ser på framtidige utviklingar, med konsolidering, på ei sjølvberande innovasjonsmeklingsplattform etter avslutta prosjekt.

Meir om prosjektet: Enabling nettside

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
European Commission H2020
Prosjektnummer:
6482
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: