Aktuelt-arkiv

  • IT-Forum oppvekst og utdanning er ein årleg konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst- og utdanningssektoren i fylket. Årets konferanse blir arrangert 1. og 2. desember og målet med samlinga er å dele erfaring og kompetanse mellom regionane i fylket.

  • Regjeringa gjev IT-Forum Sogn og Fjordane 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

    IT-forum Sogn og Fjordane er ein av ti regionale næringsmiljø som får støtte til kompetanseutvikling frå regjeringa. I alt var det 28 næringsmiljø med i konkurransen om midlane.

  • Klimaendringane blir stadig meir merkbare og vil krevje at vi tilpassar samfunnet vårt stadig meir. Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking, som disputerer for doktorgrad i Sogndal 20. november, forklarar vilkåra for at klimatilpassing blei eit forvaltnings- og politikkområde på lokalt og regionalt nivå i Noreg.

  • I ein artikkel i nettavisa E24 meiner Bhagwan Chowdhry, økonomiprofessor ved UCLA i USA, at oppfinnaren av den digitale valutaen bitcoin må nominerast til prisen for revolusjonerande arbeid.

  • Vestlandsforsking har utarbeidd ein rapport som ser på utviklinga i energibruk og tilhøyrande klimagassutslepp frå godstransport på veg i Noreg i perioden 1993-2013.

  • Turistbransjen vil at turistgardane skal vekse og vere opne døgnet rundt. Dei som driv gardsturisme vil noko heilt anna, viser forskingsarbeidet til Agnes Brudvik Engeset som arbeider med sin doktorgradsavhandling på reiseliv ved Vestlandsforsking.

  • Denne veka er representantar frå rumenske myndigheiter i Sogn og Fjordane for å lære om giftige kjemiske stoff. Kunnskapen er viktig for å regulere bruken av kjemikaliar og redusere utslepp. Opplæringa er ein del av eit internasjonalt forskingsprosjekt, finansiert av EEA grants (EØS midlar), der Vestlandsforsking deltek saman med Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet.

  • Vestlandsforsking markerte sitt 30-årsjubileum med eit jubileumsseminar måndag 21. september. Både samarbeidspartnarar, beslutningstakarar, forskarar og andre med interesse for forsking, til saman over 60 personar, var samla i Sogndal. Målet med dagen var å markere 30 år, og å bli betre kjent med Vestlandsforsking.

  • Innspelkonferansen for ny cruisestrategi for Vestlandet vart gjennomført i Sogndal 29. september. Der presenterte Eivind Brendehaug resultat frå fleire forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking. Tilhøyrarane var mest oppteknen av berekningar av energiforbruk og CO2 utslepp frå cruiseskipa.

  • Vestlandsforsking driv i år overføring av kunnskap innan klimatilpassing til styresmaktene i Ungarn. I oktober 2015 var ei gruppe frå Ungarn i Sogn for å lære korleis ein har jobba med klimatilpassing i denne regionen og i Noreg generelt.

  • Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Dei 18,5 millionane frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser til saman 60 millionar til breiband i fylket.

  • Forskarar ved Vestlandsforsking vil halde innlegg under reiselivskonferansen "Fjordane - frå bre til hav" i Førde 19. og 20. november.

  • Mat er tema for Forskingsdagane 2015, som Vestlandsforsking arrangerer i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

  • Transportsektoren må spille en sentral rolle i den globale innsatsen for få ned utslippene av klimagasser. Men for at tiltakene skal ha den tiltenkte effekten, må forskere og politikere få innblikk i og ta hensyn til forskyvningseffekter. Det viser avhandlingen til Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.

  • Vestlandsforsking sitt 30-årsjubileum vert markert med eit jubileumsseminar 21. september. Vi samlar samarbeidspartnarar, beslutningstakarar, forskarar og andre med interesse for forsking. På seminaret vil vi ha innleiarar frå Kunnskapsdepartementet, Norges Forskingsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og forskarar ved instituttet vil formidle frå forskinga si.

  • Ti representantar frå styret i Statens naturskadefond var i Sogndal onsdag 16. september for å lære om forsking og utdanning knytt til klimatilpassing og naturskade.

  • VRI Sogn og Fjordane er vertskap når Forskingsrådet inviterer til samling for VRI sine samhandlingsprosjekt over heile landet.