Aktuelt-arkiv

  • Carlo Aall og Kristine Skarbø ved Vestlandsforsking bidreg med to av i alt 27 vitskaplege artiklar i ein artikkelsamling frå den første internasjonale vitskaplege konferansen som tek opp spørsmålet om det er tilstrekkeleg å justere samfunnet for å unngå klimaproblemet, eller om vi også må omstille samfunnet meir grunnleggjande; det som på engelsk vert kalla "societal transformation".

  • Korleis legge eit best muleg grunnlag for innovasjon i eit ruralt samfunn som Sogn og Fjordane? I forskingsprosjektet «Innovation in rural places» har Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane studert korleis det vert jobba med innovasjon i nettverk i Sogn og Fjordane der både offentleg forvaltning, næringslivet og forskings- og utviklingsinstitusjonar (FoU) deltek.

  • Vestlandsforsking har gjennomført eit pilotprosjekt der målsettinga har vore å legge grunnlaget for dokumentasjon og formidling av tradisjonell kunnskap om dyrking, bruk og minne knytt til eplesortar som har vore i bruk i fruktdistrikta i Sogn.

  • Vestlandsforsking er med på eit nytt stort forskingsprosjekt som skal sjå på føresetnadane for klimaomstilling i samfunnet.

  • Vestlandsforskning og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterte til eit campusseminar torsdag 6. mars om tverrfaglegheit i forsking og undervisning. Innlegga frå seminaret er no lagt ut på denne nettsida.

  • Forskar Svein Ølnes var invitert til Betalingsformidling 2014 i Trondheim 4. mars for å snakka om Bitcoin.

  • Over 50 representantar frå næringsliv, forsking, utdanning og offentlege aktørar i Sogn og Fjordane deltok 3. mars på informasjonsmøte i Sogndal om EUs nye storsatsing på forsking og innovasjon, Horisont 2020. Sjå her for overføring via internett.

  • VG skriv i ein artikkel 1. mars at OL i 2022 må ha ein plan klar for å hente/laga snø til OL-anlegga og viser m.a. til Vestlandsforsking.

  • I ein artikkel publisert i Transportforum skriv forskar Otto Andersen om utilsikta konsekvensar av fornybar energi.

  • I ein artikkel i Bondebladet skriv forskarane Eivind Brendehaug frå VF og Torbjørn Haukås og Anna Milford frå NILF om at samarbeid mellom gardsbaserte foredlingsbedrifter har potensiale for betre økonomi, kompetanse og marknadsposisjon.

  • Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til et campusseminar torsdag 6. mars om tverrfaglighet i forsking og undervisning. Formålet med seminaret er å få fram i hvilken grad, på hvilken måte og på hvilke områder økt kunnskap om tverrfaglighet kan bidra til å styrke forskning og undervisning ved de to institusjonene.

  • eForvaltningskonferansen 2014 er den sjuende i rekka. Konferansen er eit samarbeid mellom LO-forbunda Fagforbundet, NTL, El & IT og avd. for forvaltningsinformatikk ved UiO.

  • Tidligere gjesteforsker ved Vestlandsforsking, Cenk Demiroglu, nå ved Boğaziçi-universitetet i Istanbul har vurdert snøsikkerheten ved et eventuelt vinter OL i Oslo i 2022.

  • 2013 var det året Internett mista uskulda si. Edward Snowden sine avsløringar av National Sercurity Agency (NSA) sine omfattande overvakingar overgjekk dei villaste fantasiane. Me visste jo godt at nettet ikkje var trygt for avlytting, men få såg for seg det enorme omfanget.

  • Bitcoin kan visa seg å bli ein alvorleg utfordrar til dei dominerande betalingssystema på nettet i dag. Det bør interessera både myndigheiter og finansinstitusjonar, skriv Svein Ølnes i ein kronikk på nettstaden forskning.no.

  • På "Grøn Fjord 2020 konferansen" presenterte forskingsleiar Carlo Aall problemstillingar rundt utfordringar om korleis cruisenæringa kan bli meir berekraftig og bidra med høgare lokal verdiskaping

  • 3. mars inviterer Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Enterprise Europe Network (EEN) og Forskningsrådet til informasjonsmøte om EU's nye rammeprogram for forskning og innovasjon - Horisont 2020 (Horizon 2020). Møtested er Høgskulebygget i Sogndal.

  • Saman med Bratt Moro AS har Vestlandsforsking utvikla ein metode for å vise den lokale verdiskapinga som skjer på grunnlag av bruk og tilgang på naturbaserte aktivitetar.

  • Nytt hovudstyre i Forskningsrådet for perioden 2011-2014 vart oppnemnt av Regjeringa 17.des 2010, jfr pressemelding frå Forskningsrådet: