Ledig PhD-stilling i stordata

""
Sogndal og Fosshaugane Campus. Foto: Falkeblikk AS

Er du interessert i stordata og ønskjer å utdanne deg til forskar? Kunne du tenkje deg å forske på korleis bruk av stordata kan gi næringsliv i Sogn og Fjordane nye innovative løysingar for produkt og tenester? Då kan den ledige PhD-stillinga ved Vestlandsforsking vere noko for deg!

Ledig stilling

Vi har ledig PhD-stilling i stordata i prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane. Dette er eit nytt prosjekt som startar i 2018 ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. Det 6-årige prosjektet er finansiert av Forskningsrådet for å gi næringslivet tilgang til relevant forsking og utdanning i sin region.

Digitalisering, automatisering, robotikk og stordata vil vere blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra, og grunnleggande forståing av teknologien og korleis nytte den på best mogleg vis vil vere avgjerande for utviklinga framover. Det vert no lyst ut fire PhD stillingar på Teknoløft-prosjektet for områda stordata og robotikk.

Kva faktorar som vil føre til verdiskaping frå stordata-teknologi i små og mellomstore bedrifter er lite kjent. Det er behov for å auke kunnskapen om korleis stordata kan bli brukt i utvikling av nye innovative løysingar for bedriftene. Doktorgradsarbeidet vil inkludere å etablere ein kunnskapsplattform for bruk av stordata-teknologi i næringslivet i Sogn og Fjordane gjennom bruk av metodar frå maskinlæring og data-mining på reelle test-case.

Søkjarar må ha mastergrad i statistikk, matematikk, informatikk eller eit relatert område, og ha erfaring innan analyse og handtering av store og komplekse datasett. Kandidatar som leverer masteroppgåva før 30. juni vil også bli vurdert. Det vil bli lagt vekt på gode kunnskapar om maskinlæring, data-mining eller relaterte metodar. Det er ønskeleg med kjennskap til og erfaring med programmerings- og skriptspråk som til dømes Scala, Phyton or R.

Du må vere sjølvstendig, og vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, arbeidskapasitet og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Du må vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

For fullstendig utlysing, sjå: PhD Research Fellow in Big Data. PhD studenten blir teken opp i PhD programmet «Computer Science» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Send søknad med CV og publikasjonsliste til post@vestforsk.no.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal.

Søknadsfrist 1. juni 2018.