Webinar om biokol og pyrolyse

Foto
Ein traktor pløyer biokol ned i jorda. Det kan gje ei rekkje fordeler for bonden og jorda. På webinaret kan du lære meir om denne måten å utnytte bioavfall på. Foto: ENABLING

Landbruket og kommunane er blant dei som kan ha nytte av ny teknologi for å utvinne biokol frå grønt avfall. På eit nettbasert seminar (webinar) 9. juni kan du få idéar og innsikt frå ekspertar og erfarne praktikarar.

Bønder, kommunar og andre som sit på store mengder biologisk avfall, har ein unytta ressurs som kan gi fleire fordeler for dei som tek han i bruk. Arrangør Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking håpar difor mange set av tre timar til å hente idear og få innsikt frå ekspertar når Vestlandsforsking arrangerer webinar 9. juni saman med Forskingsrådet og Kunnskapsparken.

– Vi har fått med oss toppfolka på dette feltet i Norge, i tillegg til spennande verksemder og kommunar som har utnytta landbruks- og hageavfall. Set du av tre-fire timar, får du både innblikk i teknologi, lovverk og finansiering i tillegg til å høyre frå fleire som alt er i gang, seier Hønsi.

Avfallet får verdi

Det handlar om biokol og biogass, to relativt nye måtar å utnytte biologisk avfall på.

– Avfall som møk, fiskeslam eller hageavfall ligg i dag ofte berre og rotnar, men kan få stor verdi med rett handtering, seier Hønsi.

For å utvinne biokol, må ein forbrenne avfallet utan tilgang på oksygen. Dette kallast pyrolyse og føregår i spesielle omnar. Etter brenninga hentar ein ut dei harde kolklumpane og utnyttar dei slik det passar best. For bønder vil det vere naturleg å pløye det ned i grunnen for å oppnå ei rekkje fordelar: jordforbetring i form av karbonrik gjødsel, betre vassbinding i jorda mot flaum og binding av tungmetall i jorda.

Foto
Forskar Torunn G. Hønsi håpar fleire vil sjå verdien av bioavfall. Foto: May Grethe Lerum

– Dessutan vil biokolet, om ein grev det ned, binde CO2 i staden for at ein slepper det ut og bidreg til global oppvarming, seier Hønsi.

Nytt i Vestland

Det er det internasjonale prosjektet ENABLING, der Vestlandsforsking deltek, som er bakgrunnen for webinaret 9. juni. Torunn G. Hønsi samarbeider med fagfolk i 13 land om temaet bioavfall, og eitt av måla er å bidra til at fleire utnyttar slike ressursar, anten i form av nye forskingsprosjekt eller lokale initiativ.

Denne måten å utnytte avfall på er nokså ny i dei fleste land. Her i Noreg ønskjer landbruksnæringa å auke produksjonen av biokol. Den ferske klimaplanen til Noregs Bondelag har biokol som eit viktig tiltak for karbonbinding i landbruket. Planen peiker også på behov for meir forsking og utvikling av biobaserte verdikjeder, der bønder og utviklarar samarbeider med forskingsmiljø.

– Også her i Vestland er pyrolyse-teknologi og biokol produksjon nokså nytt, og vi håpar å kunne bidra til at dette endrar seg, seier Hønsi. Ho oppmodar alle interesserte og nyfikne til å delta på det digitale seminaret.

– Seminaret er høgrelevant for alle som driv fellesfjøsar og samdrifter i landbruket, men òg alle som jobbar med næringsutvikling og landbruksutvikling i kommunane.

Program for webinaret

Meld deg på her