13 millionar til nye prosjekt

Gruppebilete med styret

Vestlandsforsking har saman med ulike partnarar fått løyvingar frå Forskingsrådet til fire nye prosjekt. I tillegg kjem løyvingar til to EU-prosjekt. Til saman vil instituttet motta rundt 13 millionar kroner dei neste fire åra.
– Det er ei fjør i hatten for oss, eit kvalitetsstempel, når vi får tildelingar frå Forskingsrådet og EU. Ekstra kjekt er det når vi får tilslag på prosjekt saman med gode samarbeidspartnarar, seier direktør Anders-Johan Almås.

Under bolken innovasjon i næringslivet får prosjektet Kulturturisme i Sunnfjord løyvingar over tre år, der 2,4 millionar går til Vestlandsforsking. Prosjekteigar er Sunnfjord Næringsutvikling, medan Vestlandsforsking er fagleg prosjektleiar.

Prosjektet JostIce skal finne ut kva som skjer når Jostedalsbreen smeltar, med kartlegging av konsekvensar for reiseliv, vasskraft og landbruk i området rundt breen. Prosjektet er leia av Høgskulen på Vestlandet. Frå Vestlandsforsking deltek tre forskarar. Løyvinga til Vestlandsforsking er på 2,6 millionar over fire år. 

Fields of Goals-prosjektet handlar om implementering av FN sine berekraftsmål i regional og lokal planlegging. Det blir leia av Nordlandsforskning, på oppdrag frå Nordland og Vestland fylkeskommunar. Vestlandsforsking er løyvd 2,4 millionar kroner over tre år. Også prosjektet Sustainable Tourism on Svalbard: A Balancing Act er leia av Nordlandsforsking; dette er eit samarbeidsprosjekt på oppdrag frå næringa. Vestlandsforsking sin del av løyvinga er 750.000 kroner over tre år.

Instituttet skal også leie ei arbeidspakke i EU-prosjektet Face It (The future of Arctic coastal ecosystems - Identifying transitions in fjord systems and adjacent coastal areas). I tillegg skal Vestlandsforsking bidra i ei arbeidspakke om fiskeri og lokalsamfunn. Feltarbeid og casestudiar skal gjerast på Svalbard, Grønland og i Finnmark. Denne forskinga blir leia av Universitetet i Bremen. I Noreg er Nordlandsforskning og Polarinstituttet også mellom partnarane. Løyvinga til Vestlandsforsking er på 3,3 millionar over fire år.

EU-prosjektet Just North (Toward Just, Ethical and Sustainable Arctic Economies, Environments and Societies), er leia av Universitetet i Uppsala. Vestlandsforsking får 1,4 millionar og deltek med tre forskarar dei komande tre åra. Forskingsrådsprosjekta startar på nyåret, medan EU-prosjekta startar hausten 2020.