Lite institutt med stort nettverk

Gruppetur IT København
Frå venstre står Xiaolan Jiang (besøkande phd-student frå Tokyo), Øyvind Heimset Larsen, Svein Ølnes, Ivar Petter Grøtte, Anna Maria Urbaniak-Brekke, Torkjel Solbraa, Hilde Corneliussen, Minsung Hong, Hoang Long Nguyen. Rajendra Akerkar var ikkje til stades då biletet vart teke.

Ti av forskarane ved Vestlandsforsking drog til København for fagleg oppdatering og nettverksbygging innan IT/teknologi og samfunn.
– Vi fekk med oss mykje kunnskap og inspirasjon heim. Det vart også ein opptur for sjølvkjensla for forskinga vår på instituttet, seier Torkjel Solbraa.

– Det er fort å tenkje at små forskingsinstitutt i distrikts-Noreg er mindre interessante i Europeisk samanheng, men på slike turar får vi auka sjølvtillit på at jobben vi gjer er relevant både regionalt og internasjonalt, seier han. 
Gruppa erfarte mellom anna at Vestlandsforsking er omlag like store på eksterne forskingsoppdrag som eit universitet med over ti gonger så mange tilsette. Eit universitet har sjølvsagt undervisning som si hovudoppgåve, men har også mål om å ha eksterne oppdrag. 

Eit viktig mål for turen var også å knyte nye kontaktar og møte mogelege samarbeidspartnarar for framtida. 
– Om eit år blir EU-storsatsinga Horizon 2020 avløyst av Horizon Europe. EU sine satsingsområde her vil ha mykje å seie for framtidige satsingsområde i Noreg. Då er det sjølvsagt ein fordel for Vestlandsforsking at vi har nært og breitt samarbeid med ei rekkje EU-prosjekt og organisasjonar. Det gjer at vi er i posisjon for nye prosjekt innan forskingsfelta våre, seier Solbraa.

Kjønn og mangfald


Forskarane hadde både møter med einskilde kollegaer, næringsorganisasjonar og universitet i løpet av turen. Tema var til dømes stordata, blokkjedeteknologi, opplevingsturisme, innovasjon og rekruttering til IT- og teknologiutdanning og forsking. 
– Vi møtte mellom andre kommunikasjonsdirektøren ved IT-universitetet, som fortalde om deira satsing på å rekruttere jenter til IT-utdanningane deira. Eit svært spanande og relevant arbeid for både Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet med tanke på rekruttering av nye forskarar og studentar, fortel Solbraa.  Gruppa vitja også det store Vitensenteret i København, som tilbyr aktivitetar for alle aldersgrupper. 
– Forskarar frå Vestlandsforsking skal vere med på utviklinga av det lokale senteret ViteMeir i Sogndal, som er under planlegging. Det var difor ekstra spanande å oppleve korleis forsking og vitskap vart formidla til både 4-åringar og seniorar, seier Solbraa. 

Hovudbilete øvst i saka: Frå venstre står Xiaolan Jiang (besøkande phd-student frå Tokyo), Øyvind Heimset Larsen, Svein Ølnes, Ivar Petter Grøtte, Anna Maria Urbaniak-Brekke, Torkjel Solbraa, Hilde Corneliussen, Minsung Hong, Hoang Long Nguyen. Rajendra Akerkar var ikkje til stades då biletet vart teke.