Prestisjeprosjekt for sikrare samfunn

Merete Lunde og Rajendra Akerkar
Rajendra Akerkar har sidan 2009 leiar Big Data-forskinga hjå Vestlandsforsking og har gjeve ut fleire fagbøker om stordata og augmentert intelligens. Merete Lunde er direktør ved Vestlandsforsking.

Kan «augmentert intelligens» og stordata brukast til å føresjå dramatiske hendingar, frå jordskjelv til valdsbølgjer? Korleis kan eit samfunn bu seg på, og møte, ulike katastrofar på ein effektiv og smidig måte? Vestlandforsking skal saman med andre utvalde europeiske partnarar finne svar på dette i eit Horisont 2020-prosjekt.

– Det er særs gledeleg at Vestlandsforsking og deira partnarar har fått eit slikt viktig og prestisjetungt Horisont 2020-prosjekt. Det er stor konkurranse om desse prosjekta, så dette er eit kvalitetsstempel på arbeidet Vestlandsforsking gjer, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Enorme mengder historisk informasjon skal samstillast med hjelp av såkalla «augmentert intelligens», som tyder forhøga/forsterka intelligens. – Augmentert intelligens er eit supplement til menneskeleg intelligens. Den hjelper menneske til å løyse oppgåver raskare og smartare, seier Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. Han leiar forskarlaget innan temaet stordata, og arbeidet i prosjektet med å skape ein skybasert database. Prosjektet RESILOC (Resilient Europe and Societies by Innovating Local Communities) er finansiert av Europakommisjonen, det blir leia av tyske Fraunhofer Institute, og har 16 samarbeidspartnerar. I tillegg til Bergen skal forskarane studere byar og naud-etatar i Bulgaria, Italia, Storbritannia og Hellas.

Byggjer frå grunnen 

Eit av måla for arbeidet er å finne mønster som varslar om både stad og tid før til dømes naturkatastrofar skjer. Kunnskapen er tenkt å bli viktig når gode beredskapsplanar og smidige bergingstiltak skal utformast. – Vi tek utgangspunkt i lokalsamfunna, fordi eit fleksibelt og motstandsdyktig storsamfunn må byggjast frå grunnen og opp, seier Akerkar.

Mange ulike mekanismar spelar inn ved katastrofehandtering, og kommunikasjon er særs viktig. – Samfunnet treng oppdatert kunnskap om korleis informasjon om katastrofeberedskap og tidleg varsling best når fram til folk flest, til dømes gjennom sosiale media, opplyser Akerkar. God katastrofehandtering i praksis, lærdom frå særleg nyare hendingar, og lovande stordata-teknologi skal samstillast. Resultatet vil bidra til større forståing og eit betre heilskapsbilete, og danne grunnlag for øvingar i felten og mogeleg nytenking innan beredskap og naudtenester. Slik kan samfunnet møte katastrofar på ein smidig og robust måte.

Fokus på Bergen  

–Det er hyggelig at Horisont 2020-arbeidet vårt blir lagt merke til, og vi er glade for å ha Bergen kommune med i den internasjonale forskinga vår denne gangen, seier direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking. - Vi er veldig fornøyd her i Sogndal med å nå opp i konkurransen om et internasjonalt prosjekt på dette nivået på et så viktig tema som digitalisering av beredskap. 

Bergen er ein av fire byar i fokus når data om både menneskelege, sosiale, organisatoriske og meir generelle samfunnsfaktorar blir analysert. Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskap i Bergen kommune og Bergen brannvesen skal dele sin informasjon og sine erfaringar, frå til dømes risikoanalyser og rapportar frå tidlegare hendingar. Beredskapssjef Ivar Konrad Lunde har høge forventningar til samarbeidet.

– Vi har gode erfaringar med Vestlandsforsking frå tidlegare prosjekt, som ein kompetent samarbeidspartnar. Denne forskinga vil ha stor nytteverdi, både når vi skal førebygge, handtere og i ettertid evaluere eventuelle store hendingar og katastrofar, seier han.

Prosjekt RESILOC vil legge til rette for kunnskapsutveksling mellom landa i Europa, ved at informasjon blir samla, samanstilt og tilgjengeleggjort. – Vi vil få ein felles database med kunnskap som kan nyttast i vårt førebyggjande arbeid, og ei løysing der vi under pågåande hendingar raskt kan innhente internasjonal ekspertise, seier Lunde i Bergen kommune.