Ny forskar II ved Vestlandsforsking

""
Øyvind Heimset Larsen kom som trainee til Vestlandsforsking i år 2000, og er no utnemnd til forskar II. Foto: May Grethe Lerum

Seniorforskar Øyvind Heimset Larsen er utnemnd til forskar II innanfor området regional utvikling, ei karriere han har skapt innanfor Vestlandsforsking sidan han kom som trainee i år 2000.

– Når Øyvind no rykkjer opp eit hakk på karrierestigen og samstundes har spesialisert seg på regional utvikling som fagområde er han eit døme på kva forskarar framtida treng, seier ein stolt direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking.

Direktøren er glad for å kunne leggje til rette for ein slik karriereveg. For Øyvind Heimset Larsen har ikkje jobba med eit vanleg doktorgradsstipend over 3 eller 4 år for å få opprykk til forskar II, men fått sitt arbeid gjennom 17 år vurdert av ein ekstern kommisjon.

– Sjølv om vi er eit av dei mindre institutta, publiserer vi vitskapleg på høgde med dei større. Det kjem ikkje av seg sjølv, dette er resultat av ein langsiktig strategi og iherdig innsats frå forskarane, seier direktøren.

Teori og praktisk bruk

I instituttsektoren er det mykje fokus på den praktiske nytta av forsking. Arbeidet skjer ofte i tett samarbeid med brukarane, der målet er å finne ny, nyttig og relevant kunnskap.

– Dette hindrar oss ikkje i å levere forsking av høg vitskapleg kvalitet – publisert i høgt rangerte tidsskrift. Vi gjer det òg, seier Lunde. Instituttet har hatt en strategisk satsing over fleire år for å legge til rette for publiseringsarbeid. For å få antatt ein artikkel må det vera nytt fagstoff. Artikkelen vert vurdert av fagfeller, sjølve grunnlaget for forskarane sitt kvalitetssystem. Men Lunde er bekymra over den akademiseringa av instituttsektoren som skjer no, med spissing og framheving av elitemiljø. Forskarar og instituttleiing blir målt på publisering, men kundar i oppdragsmarknaden er ikkje så villige til å betale for publisering i vitskaplege tidsskrift.

– Vi har løyst det ved å ha både bredde og spiss. Bredde til å ta ei rekke ulike oppdrag i ein skiftande regional marknad, og samstundes vere heilt i front på utvalde område. Øyvind har vore mykje ute i felt – og også funne tid til å publisere sitt vitskaplege arbeid.

– Øyvind er ein akademikar som kan brukast til det meste, stadfestar direktøren. Kommisjonen som har granska 17 års arbeid frå Larsen var samstemt.

Største prosjektet

Sjølv set Larsen ekstra stor pris på formuleringar som: "Det er dokumenter en anvendt, praktisk, tverrfaglig og relevant profil i lys av forventningene til en forsker-II i oppdragsforskingsinstitutt."

– Eg er nok ein meir utagerande og næringsretta forskar, i alle fall ikkje den karikaturen av ein kontorforskar som knapt ser dagslys, seier den nyutnemnde forskar II.

No er Larsen kontakt- og delprosjektleiar for det største teknologiretta prosjektet med nasjonal finansiering som Vestlandsforsking nokon gong har hatt, med eit særleg ansvar for næringsrelevans og nettverk.

Han trivst best i møte med næringslivet og andre kundar, og brenn for at næringslivet skal oppleve kor viktig forsking er når nyvinning og framtidsretting er målet. Larsen held fram arbeidet med Teknoløft Sogn og Fjordane, der Vestlandsforsking samarbeider med Høgskulen på Vestlandet. Det er eit av sju nasjonale Kapasitetsløft i Forskingsrådet si regionale satsing Forregion og skal utvikle og næringsrette Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet sin kapasitet og spissa kompetanse på robotisering, "Big data" og breiddekunnskap på automasjon og digitalisering. Prosjektramma er på 45 millionar. 

På kort sikt jobbar han og for at nettverket IT-forum også skal vera livskraftig i den ny samanslegne fylkeskommunen, Vestland.

– Eg har også ei spesiell interesse for e-helse og velferdsteknologi, så eg har ikkje sleppt frå meg dette fagområdet heller, fortel forskaren.