Mat og kvil der gjesten vil

""
Prototypar utplassert ved Steigen, Nordland. Foto: Snorre Stinessen

Der ingen skulle tru at nokon turist kunne bu – det er slike stader skaparane bak idéen om Mobile Moods vil opne for. Målet er at slike flyttbare små bygg skal kunne plasserast i korte og lengre periodar, også i naturområde der dei ikkje er mogeleg å byggje. Bård Huseby ved Vestlandsforsking ser fleire bruksmåtar.

Av May Grethe Lerum, informasjonsrådgjevar

– For folk som driv overnattingsstader i historiske miljø er det ikkje berre å kaste seg på ei utbygging. Slike små einingar vil kunne brukast til å teste behovet for auka kapasitet, som eit godt alternativ til å byggje noko som ofte blir enten veldig dyrt eller billegare og mindre pent, seier Huseby, som også er eigar av Fjærland Fjordstove Hotell.

Store idéar og rike prinsar

Direktør Merete Lunde hjå Vestlandsforsking meiner dette prosjektet er eit godt eksempel på korleis forskingsbasert innovasjon fungerer i praksis. 

- Forskningsrådet sin Idélab er eit spennande konsept der fagpersonar med ulik kompetanse, som vanlegvis ikkje samarbeider, kjem saman for å utvikle prosjektidear til nye dristige løysingar, seier ho. Denne gangen var det framtidas berekraftige og lønsame reiseliv som var tema.

Saman med Akvaplan-niva og Norsk institutt for kulturminneforsking er Vestlandsforsking ein av tre forskingspartnarar i eit prosjekt som starta i 2018 og skal vare i to år til. I samarbeidsprosjektet deltek òg Fjærland Fjordstove, dei to turoperatørane Hvitserk of Norway og Wild Norway, og dei tre nettverksorganisasjonane Arctic-365, NCE Tourism Fjord Norway og LofotenMat. Prosjektet er finansiert av Norges Forskingsråd, og blir no presentert for interesserte partar i mange bransjar.

Bård Huseby fortel om god interesse. – Folk som ser planane er veldig positive, dette er jo idyll! No ønskjer vi oss eit demo-bygg, seier Huseby, som også denne veka var på "friarferd" til mogelege reiselivs-investorar. For her er det også pengar å tene, meiner han.

– Ein høyrer jo om rike arabiske prinsar som har sett eit storslagent bilete frå eit fjell eller ein norsk fjord, og vil bestille seg eit opphald om det så kostar millionar, fortel Huseby med eit smil. Men nytteverdien av Mobile Moods er kanskje minst like stor dersom dei kan brukast som fleksibel innkvartering og serveringsstad på festivalar og større arrangement, legg han til.

– Vi ser for oss eit slags "pool", der ein eigar rår over eit utval flyttbare bygg. Då er det også mogeleg å søke og få løyve til periodisk plassering på elles urørde stader i naturen, også der korkje campingvogn eller hytter kan nyttast, seier Huseby. Mobile Moods skal vera av beste kvalitet, både kva gjeld design og arkitektonisk utforming, og dei skal fungere så klimanøytralt som mogeleg. Fram mot 2020 skal prosjektet greie ut om både design, behov, og modellar for eigarskap-, drifts- og forretningsplan.

Berekraft frå A til Å

Er ein tre-konstruksjon betre for klimaet enn ein av glasfiber og stål? Kor mykje energi går med til å produsere og transportere, og kva utslepp vil koma den dagen bygget skal resirkulerast eller skrotast? Det er slike livsløpvurderingar forskar Otto Andersen ved Vestlandsforsking gjer når Mobile Moods skal under klima-lupa. Resultata vil gje grunnlag for framtidige vegval når ideen skal realiserast.

– Truleg kan vi sei mest om kva material som ikkje bør brukast. Eit bærekraftig produkt kan til dømes ikkje ha for mykje elektronikk, då dette krev kopar, gull eller andre edelmetall som er energikrevjande både å utvinne og resirkulere, seier han.

– Vår analyse i prosjektet vil måle energibruken i totale kilowatt-timar og utslepp i tonn, og dele desse på kor mange overnattingar Mobile Mooden vil ha i brukstida si, fortel Andersen. Fleire ulike råmateriale og produksjonsprosessar skal kartleggjast og samanliknast.

– Vi kan kanskje bruke noko av eksisterande data frå vanlege hyttebygg, men desse har jo heilt andre utgangspunkt og bruksområde. Å lage delar i stål krev gjerne meir i sjølve produksjonen, men er kanskje gunstig med tanke på seinare gjenbruk, seier han.

Det finst allereie ulike former for flyttbare overnattingseiningar i produksjon. Vestlandsforsking samarbeider med fleire produsentar, og byggjer sine utrekningar også på deklareringa desse produsentane gir.

– Ecocapsule og prototypane som no er plassert i Nordland er døme på løysingar vi undersøkjer og skal analysere. Vi har også sett på kontainer-baserte mobile bygg som blir nytta ved til dømes festivalar, men dei er ofte svært enkle og røffe. Til dette naturbaserte prosjektet skal standarden vera høg også visuelt, både arkitektur og innreiing skal jo gje ei ekstraordinær oppleving, fortel Andersen. Korleis einingane skal transporterast er også avgjerande.

– Det seier seg sjølv at helikoperfrakt er noko heilt anna enn når fleire einingar kan fraktast til dømes med elektrisk båt eller tog, seier Andersen.