Omstilling hastar

""

Den fjerde nasjonale klimaomstillingskonferansen i Sogndal blir arrangert 23.-25. april. Vestlandsforsking blir del av eit unikt regionalt samarbeid no, når Hordaland fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Klimapartner er komne med.

Konferanse

Tema er omstillingsval

12 år – eller tre kommunestyreperiodar – er tida vi har på å halvere utsleppa og nå det avgjerande 1,5 gradersmålet.

Målet vart sett då 195 land vedtok Parisavtala i 2015, om å avgrense auking i den globale gjennomsnittstemperaturen til 1,5 grader. Aukar den berre ei halv grad meir, kryssar vi grensa mellom akseptabelt og katastrofe, mellom overleving og øydelegging av øystater, mange kystområder og sårbare økosystem.

Kva val må vi – og våre folkevalde – ta i dag for kunne leva med eit klima i stadig endring?

Konferansen set søkjelys på korleis forsking, forvaltning, organisasjonar og næringsliv saman kan bidra til å klima-omstille samfunnet.

Opplev og lær

Programmet for dei tre dagane er svært allsidig, og byr på både debatt, fagleg fordjuping og naturopplevingar. Døme:

  • Verdas nordlegaste vingard på Slinde: Orientering, omvising og prøvesmaking. Bjørn Bergum er eigar og omvisar på vingarden.
  • Valkampdebatt: Lokale topp-politikarar set kvarandre i stemne, og må svare på spørsmål frå både unge og eldre. Ordstyrar er Frøy Gudbrandsen, Bergens Tidende
  • Klimatopptur til Blåfjell: Adam Gairns, masterstudent HVL, er guide og fortel som si masteroppgåve om klimatilpassing og utsleppsreduksjon ved Hodlekve skisenter. Samtale om klimaendringar og snø ved representant for Protect our Winter Norway (POW).
  • Korleis formidle den dystre klimabodskapen og samstundes engasjere og motivere til omstilling? Samtale og debatt. Marianne Presthus Heggen frå Høgskulen Vestlandet, Carlo Aall frå Vestlandsforsking, tidlegare NRK-journalist Petter Nome og Mads Nyborg Støstad, journalist i NRK.
  • Arbeidsseminar om klimatilpassingsteknologi: Korleis kan kjent teknologi brukast på nye måtar for å bidra til å tilpasse samfunnet til eit klima i endring, og kva behov har samfunnet for å utvikle nye teknologiske løysingar?

Målgruppene er tilsette i kommunar og andre offentlege verksemder, politikarar, forskarar, næringslivet, konsulentar og studentar. Påmelding kan gjerast her: https://www.hvl.no/klimaomstilling