Ny tid for bygdeturismen - utfordringar, løysingar og vegen vidare

Rapport
Id:
2016-5

Samandrag:

Rapporten oppsummerer publiseringa frå prosjektet Andre generasjon bygdeturisme og gir svar på prosjektet si hovudproblemstilling: Kva for utfordringar opplever bedriftene i det rurale reiselivet, og med kva for rasjonalitet møter dei desse utfordringane?

Resultat viser m.a. at mange gardsturismebedrifter ikkje gjer turistdelen til ein fulltidsjobb fordi dei vil kombinere han med gardsdrift og jobb utanom gardsbruket samstundes som familien sine behov skal dekkast. Eit delprosjekt viser at gardsturismen har eit stor potensiale i å bruke sosiale medium aktivt for å promotere sine tilbod mot potensielle kunder. Distriktshotella har ein meir tradisjonell bedriftstilpassing for vekst og ein drivkraft for å tilfredstille marknaden. Det gjer at hotelldrifta kan gå på bekostning av familieliv, fritid og karriereval. Ulike typer overnattingsbedrifter i distriktsreiselivet opplever at dei globale bookingtenestene gir fordeler ved auka sal og større forutsigbarheit.