Samhandling for Grønt skifte - siste samling

""

Fjerde og siste samling i prosjektet "Samhandling for grønt skifte" vart arrangert i Sogndal 20. - 21. september. Program og presentasjonar er tilgjengeleg her.

Siste samling i «Samhandling for Grønt skifte»-prosjektet.

20.-21. september, Quality Sogndal Hotell.

PROGRAM

 21. september

12:00-13:00:

Felles lunsj på hotellet for alle deltakarane

13:00-13:05:

Velkommen frå Ida-Beate Mølmesdal

13:05-13:30:

Vedtak av Regional plan for klimaomstilling og regionale forventningar til kommunane, v/Ida-Beate Mølmesdal, Sogn og Fjordane fylkeskommune

13:30-14:35:

Presentasjon av to sentrale ‘rettleiarar’, frå KS og frå Miljødirektoratet, som begge omhandlar korleis kommunane kan gjere overgangen frå ‘små’ til ‘store’ utsleppskutt i arbeidet med å nå eit overordna og langsiktig mål om netto null utslepp av klimagassar innan år 2100 (innleiar Carlo)

14:35-16:05: 

Runde med gjennomgang av status i kommunane sitt planarbeid som inngår i prosjektet (15 min kvar). Kvar er de i prosessen? Er det noko som har stoppa opp? Er de ferdig? Kva nytte har de hatt av prosjektet? Kva er framdriftsplanen dykkar? Skjer det andre klimarelaterte prosjekt/aktivitet i kommunen? Osv.

  • Eid
  • Gloppen
  • Årdal
  • Stryn
  • Hyllestad
  • SiS – interkommunal plan for klimaomstilling

16:05-17:35:

Vi spelar klimaspelet (sjå omtale på Vestlandsrevyen av spelet).   Rettleiarar Carlo og Ida-Beate

  • Runde 1: Bli kjent med dei ulike tiltaka
  • Runde 2: Kva tiltak er de villige til å prøve?
  • Runde 3: Kva tiltak må du gjennomføre for å redusere utsleppet ditt med 50%.

18:00:

Middag på hotellet for dei som skal overnatte.

Dag 2, 21.sept:

08:30-10:00:

Presentasjon av Miljødirektoratet sitt nye verktøy for ‘automatisk’ utrekning av lokale klimagassutslepp, drøfting av avgrensingar i dette materialet og kva slike rekneskap kan og ikkje kan brukast til (sjå her).

10:00-11:00:

Gruppediskusjon om korleis kommunane kan leggje til rette for at dei forbruksendringane vi ble einige om i klimaspelet skal kunne skje.

11:00-12:00:

Diskutere vegen vidare: Trong for meir rettleiing i kommunane? Korleis og kva tid gjennomføre evalueringa?

12:00

Siste fellessamling i prosjektet er ferdig