""
Gunnar Hæreid representerte IT-forum ved opninga

Det nye IT-studiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde, vart opna i går i samband med oppstart av det nye studieåret. Rundt 25 studentar har valt å studera informasjonsteknologi ved det nyoppretta bachelor-studiet.

Aktuelt

Studiet i informasjonsteknologi har komme i stand etter fleire års arbeid med IT-forum Sogn og Fjordane som pådrivar. Utgangspunktet var signal frå næringslivet i fylket som såg behov for meir digital kompetanse og ønskte eit tilbod i nærområdet. Viktige støttespelarar som Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane har saman med INU-ordninga (næringsfond for tilbakebetalt arbeidsgjevaravgift) har bidrege med finansiering av prosjektet.

Det har vore eit godt samarbeid med HVL (og tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane) om etableringa av IT-studiet. Samanslåinga til nye HVL gjorde at det vart lettare å nye, finansierte studieplassar også til Førde. Det har også gjort at det er fleire ressursar tilgjengeleg for undervising, og i starten vil lærekrefter i Bergen ta mykje av denne.