Regionale seminar om velferdsteknologi

""
Frå venstre: Anita Hustveit Zadig, Marta Strandos og Marit Haugan Hove. Foto: Anne Ruth Botn Bjørlo

I tre regionale samlingar har til saman 127 deltakarar frå 21 ulike kommunar i Sogn og Fjordane no fått ei teoretisk og praktisk innføring i metodikken «Vegkart for tenesteinnovasjon» til bruk i arbeidet med å innføre velferdsteknologi i Sogn og Fjordane.

Aktuelt

Fase 4 i Fylkesprosjektet

I fire fasar sidan 2014 har det vore arbeidd med velferdsteknologi i Sogn og Fjordane i «Fylkesprosjektet». Fase 4 vert no avslutta ved gjennomføring av tre regionale seminar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid.

Hovudarbeidet i fase 4 har vore å kartlegge status i kommunane, sjå på samhandlinga med Alarmsentralen, og auke spreiing og systematisk implementering av velferdsteknologiske løysingar i fylket. Arbeidet har bygd vidare på nasjonale tilrådingar, i tillegg til kunnskap og erfaring frå tidlegare prosjektfasar om føresetnader som pregar kommunane i Sogn og Fjordane.

Ein dag i rundkjøringa

Parallelt med «Fylkesprosjektet» deltek ni kommunar i fylket i det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet («Spreiingsprosjektet»). Dei er no i gang med å implementere teknologi i tråd med nasjonale retningsliner.

Dei regionale seminara har vore ein arena for å dele erfaringane frå både Fylkesprosjektet og Spreiingsprosjektet med alle kommunane i fylket. I arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi er «Vegkart for tenesteinnovasjon» eit viktig verktøy; ein praktisk metodikk som skal setje kommunane i stand til å endre offentlege tenester for å møte framtida. Deltakarane på dei regionale samlingane fekk ei teoretisk og praktisk innføring i metodikken. I tillegg delte deltakarar frå dei ni "Spreiingskommunane" i fylket, som deltek i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, sine erfaringar med bruk av verktøyet.

Det er Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og prosjektet KomUT (prosjekt om Elektronisk meldingsutveksling mellom kommunar, sjukehus og fastlegar), som i regi av «Fylkesprosjektet» har avvikla tre regionale seminar som avslutning på prosjektfase 4. 

Organisering

Prosjektgruppa i «Fylkesprosjektet» har sidan 2014 vore ei arbeidsgruppe under IT-forum i Sogn og Fjordane. Denne er leia av USHT, og Vestlandsforsking er sekretariat. Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som finansierer Fylkesprosjektet.

I «Spreiingsprosjektet» er USHT prosjektleiar, medan Vestlandsforsking bidreg med praktisk støtte både til USHT og kommunane som deltek i prosjektet. Nasjonalt velferdsteknologprogram er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet som skal bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi.