Samhandling for Grønt Skifte

""
Frå møtet på Skei. Foto: Kyrre Groven

Den tredje samlinga i det regionale FoU-prosjektet «Samhandling for grønt skifte» vart gjennomført denne veka. Målet er å styrke kunnskapen og samhandlinga slik at kommunane kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å klimaomstille samfunnet.

Aktuelt

Klimatilpassing er eit sentralt element i det regionale samarbeidsprosjektet "Samhandling for grønt skifte". Den tredje samlinga i prosjektet var lagt til NVE si fagsamling, der flaum, skred og erosjon fekk merksemd gjennom ulike innlegg skreddarsydd for kommunane sitt behov. Mykje av innhaldet var høgst relevant for kommunane i prosjektet, som bur seg på ei framtid med mellom anna meir nedbør og høgare temperaturar.

Sjå programmet for samlinga for fleire detaljar

På prosjektmøtet etter fagsamlinga møttest prosjektleiinga og kommunane Eid, Gloppen, Stryn, Årdal og Hyllestad. Programmet for prosjektmøtet er ført opp nedanfor, og i teksten ligg det lenkjer til presentasjonane som prosjektleiar Carlo Aall og Eli Heiberg (Høgskulen på Vestlandet) heldt. Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vestlandsforsking var representerte på møtet. Referatet kan du lese her. Prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Samhandling for grønt skifte – 3. prosjektmøte

Stad: Thon Hotel Jølster, møterom 10

Tid: Onsdag 31. januar 2018 kl. 15:15 – 17:00

  1. Velkommen, presentasjonsrunde
  2. Runde blant kommunane om kor dei står i planarbeidet sitt og om deira bruk av prosjektet
  3. Skog og skred – presentasjon ved Eli Heiberg, Høgskulen på Vestlandet
  4. Rapportering til Regionalt forskingsfond – kva må kommunane gjere?
  5. Vidare arbeid, ved prosjektleiar Carlo Aall
    • Behov for rettleiing/heimebesøk i vinter eller vår
    • Innhald og tid for siste samling (tema er tiltak for utsleppsreduksjon)
    • Deltaking på klimaomstillingsseminar i april (www.klimaomstilling.no)