Aukande finansiell risiko i skiturisme

""
Foto: Agnes Brudvik Engeset

Skidestinasjonar vil møte større utfordringar i åra framover som følgje av klimaendringane, viser ein ny studie utført av fleire leiande reiselivsforskarar. 

Artikkel

Forskarane har gått gjennom til saman 119 fagartiklar om skiturisme og klimaendringar i 27 land. Dei slår fast at aktørar som investerer i skiturisme har eit aukande behov for kunnskap om korleis klimaendringane er venta å slå ut for næringa i åra som kjem. 

Forskarane slår òg fast at næringa står overfor nye og store utfordringar. Dei peikar mellom anna på at skidestinasjonane må rekne med å produsere meir kunstsnø fordi skisesongen blir kortare og vêrforholda meir skiftande. Forskarane skisserer òg ei utvikling i retning av færre og større skianlegg, endra konkurransetilhøve mellom skianlegga, og større uvisse innan sysselsetting og eigedomsverdi på hytter og fritidsbustader som er plasserte ved skianlegg. 

- Kva omfang og karakter desse utfordringane får, er avhengig av korleis klimaendringane faktisk kjem til å slå ut og korleis næringa og skituristane vel å tilpasse seg, seier forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Referanse til fagartikkelen: Robert Steiger, Daniel Scott, Bruno Abegg, Marc Pons & Carlo Aall (2017): A critical review of climate change risk for ski tourism, Current Issues in Tourism, DOI: 10.1080/13683500.2017.1410110 

Les fagartikkelen her: http://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/13683500.2017.1410110