Å oppleve klimaendringane på kroppen

""
Forskar Nahid Rezwana frå Bangladesh i aksjon under forskingsdagane i Sogndal

Alt i dag mistar folk heimane sin på grunn av klimaendringane. – Vi må ikkje gløyme korleis folk opplever det som skjer, seier arrangørane av Climate change voices».

Aktuelt

Tre gripande forteljingar om å oppleve klimaendringane vart fortalde under Forskingsdagane. På seminaret «Climate change voices» 29.september deltok engasjerte unge menneske frå Høgskulen på Vestlandet, Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler og ein internasjonal ungdomskonferanse. Arrangørane var ei gruppe tilsette og studentar ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Sårbare Bangladesh

Dei kanskje sterkaste lidingane vart skildra av forskaren Nahid Rezwana frå Bangladesh. I det folkerike landet ved verdas største elvedelta er millionar av menneske utsette for naturkatastrofar. Det handlar om monsunregn, syklonar, haglstormar, utvasking av jord og farlege skred. I World Risk Report frå 2015 vart landet vurdert som det sjette mest utsette blant verdas mest katastroferåka land.

Rezwana forskar på korleis klimaendringane verkar inn på folk sin kvardag. Menneska ho snakkar om, bur i dei fattige, fjerntliggande regionane – og i særleg grad snakka ho om kvinnene, som er dei største offera når naturkreftene herjar, gong på gong. Tilhøyrarane fekk mellom anna høyre ei hjarteskjerande historie om ei gravid kvinne som måtte flykte opp i eit tre då flaumen kom. Der oppe i treet måtte ho føde, og ho strevde – utan hell – for å redde barnet sitt. Samtidig drukna folk frå hennar eigen familie i vassmassane under.

Livsfare framfor evakuering

Medan mennene er ute og arbeider, er mange kvinner åleine heime. I avsides område på landsbygda skjer varsling ved at nokon kjem springande for å varsle om at vatnet er på veg. Ofte gjeld det å evakuere med det same.

– I slike dramatiske situasjonar vel mange kvinner å bli og heller risikere livet, fortalde forskaren. Ein viktig grunn er at det ikkje sømmer seg for kvinner i desse patriarkalske samfunna å bevege seg utanfor heimen på eiga hand. Eit anna problem er at det ikkje finst mange stader å flykte til. Og flyktar kvinna, er ho heller ikkje heilt trygg. Opplever ho seksuell trakassering eller overgrep, mistar ho all verdigheit.

– Difor vel mange livsfare, endå så rart det kan høyrast ut, sa forskaren.

Tap av heimstad

Tilhøyrarane fekk òg ei historie om å miste heim og kultur, men å reise seg og kjempe imot fossilindustrien. Aktivisten Jana Toelke frå Tyskland, som har delteke i kampen mot den omstridde oljerøyrleidninga i USA, innleia med historia til sitt eige folk, den sorbiske minoriteten. Denne vestslaviske folkegruppa held til søraust i Tyskland, nær grensa mot Tsjekkia og Polen. Sorbarane har tradisjonelt budd i landsbyar i det skogrike området Lausitz, og snakkar eit eige språk. I Tyskland er dei anerkjende som ein nasjonal minoritet, og dei har både ein eigen nasjonalsong og eit eige flagg.

Historia til minoriteten har vorte prega av at det finst eit etterspurt mineral i grunnen under landsbyane deira – brunkol eller lignitt. Sidan den første tvangsflyttinga i 1924 har mange sorbiske landsbyar blitt borte; til no er meir enn 80 landsbyar flytta. Miljøet i dei store skogane i Laustiz er òg blitt hardt råka av dei store dagbrota. Mange stader er drikkevatnet ubrukeleg, grunnvatnet er senka og bakken full av tildekte, men helseskadelege stoff. Mange har fått helseskadar av røyken frå brunkolet. For Toelke sin del starta eit nytt kapittel den dagen ei gruppe lakotaindianarar kom til heimstaden hennar. Utsendingane frå den nord-amerikanske indianarstammen fortalde historiar som likna sorbarane si eiga oppleving av å bli overkøyrde av industrien og miste kultur, identitet og tilhøyrsle til sitt eige land. Slik vakna Toelke sitt medvit om korleis ein kan kjempe imot, sjølv om overmakta er stor.

Kampen mot oljerøyrleidninga

Oljerøyrleidninga i Dakota er planlagt å gå under bakken frå Nord-Dakota, via Sør-Dakota og Iowa, til det sørlige Illinois i USA, men har vore omstridd både fordi bygginga skadar miljøet og fordi prosjektet er tvilsomt med tanke på klimaendringane. Protestane i Nord-Dakota har vart sidan april 2016. Toelke snakka om sitt eige engasjement for kampen mot røyrleidninga, som samtidig er ein kamp mot klimaendringane. Ho skildra kampen frå innsida, om korleis ballen tok til å rulle etter kvart som teltleiren vaks seg større – heilt til protestane nådde ut til heile verda.

Toelke fortalde òg korleis ein døyande indianarkultur har fått nytt liv med protestane. Oppvakninga gjeld både lakota-språket, men òg folkegruppa sin kultur og identitet. Ho fekk fram korleis identitet òg kan vere ein viktig del av kampen mot klimaendringar.

– Toelke fekk fram korleis kultur og språk kan vere ein ting å kjempe tilbake med, mot dei store kreftene, seier Katrine Sele ved Høgskulen på Vestlandet, som var med på seminaret som intervjuar og ordstyrar.

– Det er menneske som øydelegg natur og kultur, men det er òg dei menneskelege verdiane som er redninga ut av uføret. Folk ser at dette livet må bevarast, og at det er mogeleg. Det er nøkkelen til å takle katastrofane, seier Sele.

Ei historie om flukt

Den siste historia som vart fortalt på seminaret var ikkje knytt direkte til klimaendringar. Likevel tok ho for seg kva eit menneske går gjennom og føler når han eller ho må forlate alt som er kjent og kjært – slik mange også vil bli nøydde til når klimaendringane gjer seg gjeldande. I åra som kjem ventar forskarane at mange fleire menneske enn i dag må forlate heimane sine på grunn av ulike naturkatastrofar som klimaendringane forsterkar. Mange av dei vil legge ut på lange reiser til ein tryggare stad – som 29 år gamle Solomon frå Eritrea, som fortalde historia si på seminaret 29. september. Solomon formidla først og fremst kor utruleg hardt det kan vere å flykte. Historia hans handla om å krysse grenser, bli skoten på og sitje fengsla for å ha prøvd å krysse Middelhavet. På eit tidspunkt måtte han rømme om natta for å komme vidare. Ei stund måtte han overleve på berre løk.

- Dette skjer no

Å komme til Norge var heller ikkje slutten på vanskane for Solomon, som fortalde at han drøymde om å bli sjukepleiar. 

– Det Solomon sa, handla mykje om å få draumane sine knust, igjen og igjen, seier Sele. Sjølv om han er 29 år gamal, må han lære seg alt på nytt for å skaffe seg eit liv. I dag jobbar han som reinhaldar samtidig som han tek vidaregåande skule. For studentane i salen, som sjølv er undervegs i ei utdanning, gjorde det særleg inntrykk kor lang vegen var for Solomon, fram til heilt vanlege mål.

– Det er viktig å få fram at mange strevar med å bygge opp att liva sine nett no, som følgje av flukt og naturkatastrofar, seier Sele, som leidde samtalen om historiene som kom fram på seminaret.

– Dette er eit innblikk i nokre av hendingane vi går inn i no, som menneske. Enn så lenge er vi så beskytta her i Norge, men vi må vite at det skjer ting i verda, akkurat no.