Nye heimesider

Vestlandsforsking lanserer nye heimesider i dag, 15. desember.

Vestlandsforsking lanserer i dag nye heimesider. Det er 3. generasjons nettsider for vår del, og denne gongen er det eit nybygg og inga omlafting eller utbygging. Dei nye sidene er baserte på teknologistandarden emnekart (Topic Maps).

Emnekart
Siste store ombygging av www.vestforsk.no skjedde i 1999, så det var mange gode grunnar til å ta tak i tenesta. Men det var ei framtidsretta løysing som vart laga i 1999, med god samanheng mellom forskarar og tilhøyrande prosjekt og publikasjonar.

Med emnekart har me fått eit verktøy til å uttrykkja slike samanhengar på ein standardisert måte. Noko av det viktigaste ved bruken av ein semantisk teknologi som t.d. emnekart, er at du blir tvinga gjennom ein prosess med beskrivelse av verksemd og aktivitet. Du må rett og slett setja namn på ting.

Setja namn på ting
Det siste er noko ein dessverre lett kan hoppa over i meir tradisjonelle portal- og publiseringssystem. Det er nok å bestemma hovudmenyen, tilpassa ein del malar og så gå i gang med innhaldet. Problemet er at det som regel er ein mangelfull eller fråverande beskrivelse av informasjonen. Slike manglar blir særleg tydeleg når ein gjer eit søk i tenesta. Då ser ein at søkesystem er heilt frikopla frå resten av tenesta og det som måtte vera av struktur, er forsvunne.

Semantisk teknologi viktig område
For Vestlandsforsking har arbeidet med nye nettsider vore viktig av fleire grunnar:

  • det er viktig for oss å gi ein så god presentasjon av verksemda vår som muleg
  • det gamle systemet var "mett av dage" og noko måtte gjerast
  • semantiske teknologiar, bruk av metadata til å beskriva informasjon, er eit viktig satsingsområde for oss

Teknologi og dei som står bak
Dei nye nettsidene våre er baserte på portal- og publiseringssystemet OfficeNet Portal (ONP) frå firmaet OfficeNet. Systemet har integrert emnekartstøtte gjennom emnekartmotoren Ontopia Knowledge Suite (OKS) frå emnekartspesialistane Ontopia. Samansmeltinga av desse to systema var eit eige prosjekt der Vestlandsforsking har vore deltakar og pilotbrukar. Ei stor takk til Jørn, Torstein og Torgeir i OfficeNet og til Lars Marius i Ontopia. Takk også til Tommy Nordeng i Cerpus AS som prosjekteigar og -leiar for integrasjonsprosjektet.

Til utforming av sidene har me fått hjelp av reklame- og designbyrået Gasta og fotograf Frøydis Geithus har stått for fotografering av dei tilsette. Etter kvart skal det også komma fleire bilete.

Framleis endringar som må gjerast
Nettsider blir jo aldri ferdige, dei er under arbeid heile tida. Difor var det gamle, velkjende uttrykket "under construction" heilt malplassert - sjølvsagt er sidene under arbeid. På dei  nye nettsidene våre står det att ein del finpuss - litt sparkling og eit par strøk til med måling. Akkurat no slit me litt med å få orden på skrifttypar og skriftstørrelse.

Vestlandsforsking har saman med Norge.no (og tidlegare Statskonsult) arbeida med å definera standardar for offentlege nettsider. Sidan 2001 har me utarbeida indikatorar for gode nettsider og sidan evaluert nettsider etter desse. Mange av indikatorane er generelle og gjeld for alle typar verksemder, også forskingverksemder som oss sjølve. Det skulle berre mangla at me ikkje følgjer våre eigne tilrådingar. Her står det framleis att arbeid før me kan seia oss nøgde.

Kontakt
Dersom du vil vita meir om dei nye nettsidene kan du kontakta Svein Ølnes (917 39 918) eller Nils Arne Hove (909 69 489).