Vestlandsforsking tek eigen medisin!

Vestlandsforsking har i mange år arbeida med evaluering av kvalitet på nettsider, både gjennom indikatorutvikling og praktisk evaluering i ettertid. Vi har delteke i arbeidet med evaluering av offentlege nettstader sidan starten i 2001 og det er vel ikkje meir enn rett og rimeleg at vi legg vår eigen nettstad under lupa. Resultatet av evalueringa er blanda, noko vi i stor grad visste på førehand. Det er rom for ein god del forbetringar, sjølv om heilskapen er relativt bra.

Vi valde å evaluera nettsidene våre etter indikatorsettet som vart brukt i Norge.no si undersøking Kvalitet 2007. Egil Jacobsen i Aletheia kommunikasjon har stått for evalueringa. Han var i si tid ansvarleg for den første kvalitetsevalueringa i 2001 - den gongen som tilsett i Statskonsult.

Resultat av evalueringa:
  • Tilgjengelegheit: 14 av 31 oppnåelege poeng (45 %)
  • Brukartilpassing: 21 av 34 poeng (62 %)
  • Nyttig innhald: 12 av 28 poeng (43 %)
Samla gir det 45 av 93 oppnåelege poeng, dvs. 51 %, noko som etter Norge.no sine kriterium gir tre stjerner. Det er berre passeleg bra, om lag som gjennomsnittsresultatet i Kvalitet 2007. Det kan innvendast at delar av kategorien 'Nyttig innhald' ikkje er spesielt godt tilpassa vår type verksemd (m.a. indikatorar som går på innsyn og sjølvbetjening), men det er uansett ein del utfordringar vi må gripa tak i. Framfor alt må vi gjera nettsidene våre betre tilgjengelege og det arbeidet er alt i gang.

Detaljert resultat i eiga pdf-fil: