Nettskya også for det offentlege?

Digi.no melder at Narvik kommune tek steget inn i nettskya ved å velja Google sine verktøy for gruppevare (e-post, kalender m.m.). Det er ei interessant utvikling som også reiser ein del prinsipielle spørsmål.

 

Kva er ”cloud computing”?
Nettskya, eller "cloud computing", er eit heitt tema om dagen. I begrepet ligg det at alle tenester blir leverte over nettet og at du som kunde ikkje nødvendigvis veit kvar data blir lagra. Til skilnad frå tidlegare levering av program over nettet (ASP-løysingar) tek nettskya utviklinga eit godt steg vidare. Her kan du spesifisera både tenester og infrastruktur (t.d. operativsystem og plattform elles) i detalj og du betaler berre for faktisk bruk. Det siste gjer systemet svært elastisk og fleksibelt og eignar seg særleg godt for t.d.  nystarta bedrifter som ikkje treng å investera i eige it-utstyr anna enn berbare pc-ar o.l.

IT som straum og vatn
Levering av tenester gjennom nettskya blir ofte samanlikna med levering av elektrisitet og vatn til eit hus. Du veit ikkje kvar straumen kjem frå, den "berre er" i straumnettet og kan i prinsippet komma frå veldig mange kraftverk, også utanlandske. Som straum og vatn vil også IT komma frå ein kontakt i veggen.

Sjølve "sky"-begrepet kjem frå den vanlege framstillinga av nettet som ei sky i kommunikasjons¬diagram, og det er ein metafor for Internett.

Spesielle utfordringar for offentleg sektor
Når Narvik kommune no tek steget opp i nettskya, er dei i godt selskap, men mest mellom private bedrifter. For offentlege verksemder er det særskilte krav til sikkerheit og personvern som kan gjera bruk av nettsky vanskeleg. Korleis Narvik har tenkt å handtera sensitive data gjennom epost, er eitt av fleire interessante spørsmål.

Men denne teknologiplattforma vil truleg bli viktig også for offentleg sektor, ikkje minst av økonomiske grunnar. Det ligg til rette for store innsparingar ved at drift av eige it-utstyr kan reduserast. I staden for å la private bedrifter drifta eige IT-utstyr kan ein etter kvart sjå heilt bort frå investeringar i IT-infrastruktur bortsett frå godt internett-samband.

Vestlandsforsking alt i nettskya
Vestlandforsking tok steget ut i skya for eit års tid sidan. Vi var då i ein situasjon der vi måtte skifta ut epost-programmet og alternativea var ein ny epost-server drifta av it-leverandøren vår, eller ei nettsky-løysing. Vi valde det siste (Gmail) og har supplert med dei same verktøya som Narvik kommune (kalender, nettsider, dokumenthandtering).

Det høyrer også med til historia at vi har hatt full støtte frå den lokale IT-leverandøren vår i denne prosessen. I staden for å sjå det som ein trussel, har dei sett det som ei mulegheit til å byggja opp kompetanse på eit område dei ser vil komma med full styrke.

”Norge i nettskya”
Teknologirådet har nyleg starta opp eit prosjekt for å sjå på bruk av nettskya for offentleg sektor. Det har tittelen "Norge i nettskya". Underteikna er spurd om å delta i eit ekspertpanel og det skal bli interessant å drøfta dette med dei andre deltakarane frå offentleg sektor, IT-sektoren og forskingsmiljø.

I prosjektet vil mellom anna følgjande spørsmål bli drøfta:

- kan nettskya medverka til meir homogene og betre integrerte offentlege it-løysingar?
- kva utfordringar kan nettskya by på med tanke på mellom anna personopplysningslova?
- kan det vera aktuelt å oppretta ei "forvaltningssky" ("Government Cloud") som i Storbritannia?

 

Prosjektet vil munna ut i ein rapport med tilrådingar og denne vil bli presentert på eit ope møte. Med  vårt samarbeid med Teknologirådet i prosjektet "Kunnskap kryssar grenser", kan eg garantera at dette møtet blir overført på nettet!