Altinn frå vondt til verre

Altinn har gått frå vondt til verre. Ytelsesproblema har vore tydelege i fleire år, og det kan verka som Altinn har følgt opp Drillo-filosofien om å vera best utan ball: Best utan brukarar. Denne gangen er det mykje verre sidan personvernet er korrumpert. Det er noko som ikkje kan tolast.

 

Alle egga i ei korg
Problema med Altinn reiser mange spørsmål. Eit av dei er om sentralisering er svaret på IT-utfordringane. Uansett korleis Altinn blir framstilt, er det ei sentralisert teneste som har samla mange oppgåver som tidlegare var spreidde. Det har mange fordelar, og så har det nokre store ulemper. For å sitera filosofen Martin Heidegger: ”Den som tenkjer stort, feilar stort”. Når svært mykje blir samla ein stad, vil eit alvorleg problem bli veldig omfattande pga. Bør Altinn heller tenkjast distribuert for å unngå ”single point of failure” og også fordela presset på systemet?

Skal alt inn i Altinn?
Eit anna problem er freistinga ved å gjera Altinn til den altomfattande e-forvaltningsløysinga. Det verkar som ein har tenkt "tek du den så tek du den". Men ved å inkludera stadig meir i Altinn, introduserer ein også stadig større kompleksitet og det blir vanskelegare å finna feil. Det er grunn til å minna om National Health Service i Storbritannia som nyleg stoppa all vidare utvikling av National Programme for IT. Det er kanskje eit av dei største, sentralistiske IT-prosjekta som finst, og det feila stort.

Avhengig av ein leverandør
Heilt sidan starten på Altinn, i 2000-2001, har det vore ein leverandør av utviklingstenester. Alt har skjedd etter offentlege innkjøpsreglar, men dei reglane kan ikkje hindra ei leverandørbinding som i det lange løpet kan bli svært uheldig. Eg meiner Brønnøysundregistera har vorte altfor avhengige av denne leverandøren, og kompleksiteten til Altinn tilseier at det ikkje skal bli lett for andre aktørar å komma inn. I slike store IT-prosjekt er det veldig viktig å tenkja langt fram og prøva å unngå leverandør-innelåsing. Sannsynlegvis burde det vore fleire leverandørar inne, sjølv om det også har sine utfordringar.

Altinn i nettskya?
Problemet med ytelse har vore tydeleg lenge. Kvar gang presset aukar i form av mange samtidige brukarar, feilar Altinn. Og det skjer trass i at systemet er dimensjonert for å tola den store pågangen som skjer nokre få ganger i året. Men det offentlege betalar for denne kapasiteten heile året, sjølv om den berre blir brukt nokre få dagar.

Det er her nettskya (cloud computing) har sin styrke. Betalingsmodellen er slik at du berre betalar for det du brukar, uansett om det er 100 brukarar eller 1 million. Stordriftsfordelane inneber i tillegg at systemet maskin- og kommunikasjonsmessig er i stand til å ta store toppar. Men sjølvsagt kan ikkje kapasiteten hindra programmeringsfeil. Den store utfordringa med nettskya er sikkerheit og personvern. Så lenge ein ikkje er heilt trygg på plasseringa av data, blir det vanskeleg for offentleg sektor å ta i bruk teknologien. Spørsmålet er om ei norsk nettsky kan vera i alle fall eit mellomsteg? Teknologirådet sitt prosjekt ”Norge i nettskya” prøver å finna svar på dette og andre spørsmål.