LeWeb10 imponerer og inspirerer, men…

På vårparten var eg so heldig å få vitje San Francisco på studietur. Sjå oppsummeringa. Då vitja vi mange spannande bedrifter og organisasjonar. Mellom anna Seesmic der Loic Le Meur viste oss nyskaping og driv og entreprenørånda i området. Det likte eg betre enn sjølv visitten på 1 Infinite Loop (det store eplet).

Sist veke følgde eg og fleire med på eit arrangement i Paris som same mannen står bak: LeWeb. I eigne auge: “The #1 European Internet event, where 2500 entrepreneurs, leaders, investors, bloggers, journalists will gather together for 2 days in Paris”. Sidan det var på topp som twittertema stemmer dette truleg.

Opptil 1500 andre følgde dei same foredraga direkte på nett som eg, eller i opptak, og det fungerer godt. Marknadsføringa har vore jungeltelegraf.  Det er rett og slett ein suksess bygd på ein god ide, eit godt driv og dei rette kontaktane.

Dette er profesjonelt, men det ser likevel enkelt ut! Gledeleg nok kan vi  lære dei eit og anna. I Sogn og Fjordane har vi det siste året jobba hardt saman om prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser”- www.kxg.no (NRK SFj-omtale). Prosjektet har utarbeida oversikt over utstyr og programvare og prøvd ut både kjøpt og open kjeldekode til nettoverføring av møte, seminar og kurs. Vi har vist breidda i utval av løysingar. Det treng ikkje alltid vere avansert. Høgdepunktet var ein IT-forumkonferanse med tre kamera i sving, der presentasjonane vart viste i parallelle vindauge ved sida av talaren.

Infrastrukturen er på plass. Det er haldningar og brukartersklar som må overvinnast. Det vi vil med prosjektet er å endre tilgong til kunnskap, auke tilgong til nettverk og ikkje minst redusere behovet for å reise. Her i fylket ser og kjenner vi behovet i enno sterkare grad enn samarbeidspartnarar i storbyområde. Vi trur det lukkast.

LeWeb10 baserer seg på eitt kamera i år og opplevinga vert då ikkje den same. Neste år har dei lært meir. Kanskje av oss?