Oppsummering – Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

I ei verd der sentralisering og urbanisering er den dominerande trenden har Sogn og Fjordane som eit lite fylke med spreidd busetnad mange utfordringar. Kvart år er det ein flyttestraum ut av fylket, spesielt prega av unge menneske som flytter til byar som Oslo eller Bergen for å studere. Dei fleste kjem ikkje attende.

Prosjektet vart presentert på Skei Hotel 12. januar kl 10.00-11.30 og vart overført på nettet. Du kan sjå opptaket på kxg.no.

Det resulterer i at Sogn og Fjordane har underskot på innbyggarar i arbeidsdyktig alder, særleg arbeidstakarar i 30- og 40-årsalderen. Likevel er det færre arbeidsplassar enn det er arbeidsaktive i fylket. Kvar dag pendlar 5.120 personar ut av fylket for å jobbe andre stader.  Trendane forsterkar kvarandre. Jo meir kunnskapsbasert næringslivet blir, desto sterkare verkar urbaniserings- og sentraliseringskreftene, både fordi talent blir trekte mot kunnskapssentra, og fordi auka kompleksitet krev store og spesialiserte arbeidsmarknader. Dette er den viktigaste grunnen til at dei mest kunnskapsintensive næringane er dei mest sentraliserte næringane i Noreg og dei fleste andre utvikla økonomiane.  For å snu den negative trenden må Sogn og Fjordane gripe fatt i utfordringane. Prosjektet føreslår fire strategiar for at vi skal lykkast:


Komponere: For å lykkast må fire faktorar spele saman og forsterke kvarandre: Bustadkvalitet, Arbeidsmarknad, Næringsliv og Kunnskapsmiljø. Sagt på ein annan måte: dei fire faktorane må komponerast slik at fylket både oppnår kritisk masse i enkeltfaktorane samtidig som dei forsterkar kvarandre og dannar grunnlag for ein sjølvforsterkande vekst. Sjå kapittel 3.

  • Livsstilsbasert næringsliv: Ikkje alle trendar peikar i negativ retning. Individualisering og sjølvrealisering, samt digitalisering, representerer i større grad mulegheiter enn truslar for Sogn og Fjordane. Livsstilsbasert næringsliv, basert på friluftsliv, miljø, idrett og helse, tiltrekkingskrafta som ligg i naturressursar (bustadskvalitet), menneske som ønskjer å kombinere fritidsinteresser med jobb (arbeidsmarked); i små gründerbedrifter (næringsliv) og utdanning og forsking (kunnskapsmiljø). Sognefjorden, med Sogndal som kjerne, er i ferd med å gå i denne retninga. Ein slik livsstilsbasert strategi vil sjølvsagt ikkje kunne bere næringsutvikling i Sogn og Fjordane aleine. I rapporten løfter vi fram fleire område der Sogn og Fjordane har mulegheit til å spesialisere for å få ein leiande posisjon nasjonalt.

Spesialisere: Konsentrer satsingar til eit avgrensa sett av næringar og/eller kompetanseområde, der Sogn og Fjordane har ressursmessige føresetnader for å skape verdiar og lykkast i å ta ein nasjonalt (eller aller helst internasjonalt) leiande posisjon.

  • Fornybar energi: Kombinasjonen av mange ikkje-utbygde fossefall, djupe fjordar og energiteknologisk kompetanse, gir fylket eit sterkt ressursfundament i marknaden. Sjå kapittel 9.
  • Linefiske: Sogn og Fjordane er sterke på mange område innafor fiskeri og havbruk, men innafor mange av dei er andre fylke like sterke – innafor linefiske merkjer Sogn og Fjordane saman med Sunnmøre seg ut. Sjå kapittel 6.
  • Reiseliv: På den eine sida eit ressursgrunnlag i form av natur og kultur i verdsklasse. På den andre sida store utfordringar i nærings- og kompetansegrunnlaget. På den tredje sida ein marknad som gjer det vanskeleg å tene pengar fordi den kostnadsmessige konkurranseevna stadig blir forverra. Sjå kapittel 5.
  • Bygg og anlegg: Ei komplett næring som bidrar til verdiskaping i andre næringar. Ei næring med høg kompetanse, finansielle musklar og organisatoriske ressursar, men med stort behov for tilgang til kvalifiserte arbeidstakarar. Samtidig er dette ei næring som manglar insentiv til innovasjon og utvikling, og som også står overfor mange utfordringar når det gjeld effektivisering og leiing av byggeprosjekt, nye forskrifter og nye meir energieffektive byggemetodar mm. Sjå kapittel 7.

Integrere: Uavhengig av kva for næringar det vert satsa på, er fylket avhengig av funksjonell integrering. Arbeidsmarknads-, kunnskaps- og næringsregionene bør bli større, blant anna gjennom meir effektiv infrastruktur. Sjå kapittel 3.

Samhandle: For å kompensere for at vi er små er det viktig med eit godt samarbeid mellom ulike aktørar. På det viset kan synergiar mellom aktørane utnyttast. Sjå kapittel 3

  • Spreidd busetnad og lang reisetid er ikkje berre ei ulempe, men kan fungere som eit fortrinn for Sogn og Fjordane, dersom det fører til at bedrifter og organisasjonar er tidleg ute med å utvikle digital samhandling. Den viktigaste effekten av dette vil vere at kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar samhandlar like effektivt som dei ville gjort om dei var lokaliserte same staden. I tillegg kan ei slik utvikling føre til at det veks fram spesialiserte bedrifter som leverer teknologi og tenester til ein krevjande nærmarknad, og som derfor kan bli konkurransedyktige på nasjonale og internasjonale marknader.