Studietur til Leipzig

Gruppa som arbeider med semantiske teknologiar ved Vestlandsforsking var på studietur til universitetet i Leipzig i forrige veke. Universitetet i Leipzig er mellom dei leiande miljøa i Europa på fagområdet semantiske teknologiar og særleg lenka data (Linked Data).

"Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen" seier tyskarane. Turen gjekk til Leipzig for å besøka universitetet der og deira forskingsgruppe innan semantiske teknologiar (AKSW) . Dr. Sören Auer har på ganske kort tid fått  til imponerande resultat og har no ei gruppe på rundt 30 personar innan fagområdet, dei fleste PhD-studentar. Frå VF si side reiste Terje, Rajendra og Svein.

Universitet sidan 1409!
Leipzig er ein by med lange historiske linjer, det same er universitetet som vart grunnlagt i 1409. Det var tradisjonelt eit av dei tre store universiteta i Tyskland, der dei to andre var München og Heidelberg (Königsberg, som no heiter Kaliningrad og tilhøyrer Russland, kan også reknast mellom dei store, tyske  universiteta. Königsberg er sjølvsagt uløyseleg knytt til filosofen Immanuel Kant som arbeidde ved universitetet der i all si tid). I inngangspartiet i nybygget til universitetet, som mellom anna husar Sören Auers gruppe, finn me byster av Lessing, Leibniz og Goethe som alle har hatt tilknyting til byen og universitetet. Som ein del av 600-årsjubiléet vart det sett i gang eit arbeid for å presentera alle professorane i universitetet si historie. Dette arbeidet er (sjølvsagt) gjennomført med teknologien lenka data, i verktøyet OntoWiki, og har fått namnet Catalogus Professorum Lipsiensium (Professor-katalog der Universität Leipzig).


DBpedia m.m.

Sören Auer og co. har særleg medverka til den utviklinga innan semantiske teknologiar som blir kalla lenka data (Linked Data, evt. Linked Open Data). Dei har vore, og er, involverte i mange store og viktige prosjekt for vidareutvikling av denne teknologien. Av dei mest kjende prosjekta kan nemnast DBpedia (ei semantisk utgåve av Wikipedia, utvikla saman med Freie Universität Berlin) og EU-prosjekta LOD og LOD2. Det siste er eit stort integrert prosjekt som framleis har eit par år igjen før det er fullført.

Sjølv om lenka data er sentralt, har AKSW ein breidde som dekkjer mange teknologiar innan kunnskaps¬organisering. Semantiske teknologiar er ein viktig del, men dei har også aktivitet innan kunstig intelligens, maskinlæring, Q&A (questions and answering) m.m.

Målet med studieturen var i tillegg til å læra frå eit av dei beste miljøa på området, sjølvsagt å prøva å finna felles interesser og prosjektmulegheiter. Me identifiserte fleire aktuelle område som me vil arbeida vidare med.

For meir informasjon om Leipzig og andre inntrykk frå turen, sjå Sveins blogg.