Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane

Prosjektet eit Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane set fokus på kva næringsgrupperingar som har vekstkraft i fylket i dag og korleis dei kan verte meir kunnskapsbaserte. I framtidas næringsliv vil kunnskap spele ei større rolle enn vi har vore vane med. Alle næringar kan bli meir kunnskapsbaserte, og kunnskapsbasert næringsutvikling handlar om å auke kunnskapsinnhaldet i eksisterande næringsliv og om omstilling til nye næringar.

Tilgang til kunnskap kan skje i eit dynamisk samspel mellom næringsliv og kunnskapsaktørar (FoU-aktørar) eller ved tilsetting av nyutdanna personar og å få velutdanna personar til å flytte til regionen.

Det offentlege i Sogn og Fjordane har lagt eit viktig grunnlag gjennom utdanningssystemet. Fylket skårar høgt på ulike skulebarometer og vi produserer attraktive studentar ut frå våre vidaregåande skular – klart nok ønskjer dei vidare utdanning og flytter i stor grad til større utdanningsstader. Eit ope spørsmål er korleis kan lokale- og regionale styresmakter saman med næringslivet legge eit grunnlag som gjer at vi er attraktive nok til å rekruttere velutdanna ungdommar til fylket. Her er det viktig at styresmaktene må bidra i forhold til bygging av infrastruktur og attraktive bu-miljø, og saman med næringslivet framstå som attraktive arbeidsplassar.

I denne samanheng blei vi kontakta av NRK og du kan lese meir på nettsida til NRK Sogn og Fjordane: Ser ikkje resultat av gode skular