Reiselivsforskar frå Skottland i Sogndal

Reiselivsforskaren Peter Varley ved University of the Highlands and Islands vart nyleg tilsett som gjesteforskar ved Vestlandsforsking. Varley skal dei neste to åra arbeide saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bratt Moro AS og Vestlandsforsking om utvikling av reiselivet i Sogn og Fjordane.

Peter Varley er leiar for forskingssenteret for opplevingsturisme ved West Highland College UHI i Fort William i Skottland. Han har utvikla konseptet Slow Adventure, som har mykje til felles med friluftsliv, slik ein tradisjonelt har utøvd det i Noreg. Varley deltok på Adventure-konferansen i Sogndal i november 2014, og samarbeidet som no har starta opp, bygger på erfaringar frå denne konferansen.

Dr. Varley vil saman med andre reiselivsforskarar i Sogndal sjå nærare på korleis ein kan utvikle turisme basert på friluftsliv i regionen. I dei to åra han skal vere tilsett som gjesteforskar, kjem Dr. Varley til å førelese for studentar ved høgskulen og delta i ulike forskingsprosjekt. Laurdag 20. juni fortalde Dr. Varley om konseptet «Slow Adventure» på boknatta i Fjærland.