Vestlandsforsking i Schrödingers katt

Schrödingers katt har fatta interesse for Vestlandsforsking sitt arbeid med bioinnblanding i diesel.

Mandag 22. november hadde Vestlandsforsking besøk av eit filmteam frå NRK som filma og intervjua forskarane Otto Andersen og Sergio Manzetti om temaet.

Sendinga skal visast på NRK1 torsdag 2. desember, rett etter Dagsrevyen.

Er du interessert, sjekk ut videoen som viser korleis nanopartiklar i eksos frå biodiesel oppstår.

Videoen er ei supercomputer-simulering som viser korleis biodieselmolekyla (fettsyre-metylesterar) kan klumpe seg saman og bli til nanopartiklar. Eksos frå biodiesel har vist seg å innehalde meir av dei aller minste nanopartiklane enn vanleg diesel.

Dieseleksos inneheld alltid restar av diesel som ikkje er fullstendig forbrent, særleg i kaldt vêr og ved kaldstart.

Kreftframkallande PAH-molekyl (polyaromatiske hydrokarbonar) frå forbrenninga kan hekte seg på nanopartiklane, som det er mange av i biodieseleksos. Fordi nanopartiklane frå biodiesel er små og ganske vassløyselege, kjem dei lettare inn i kroppen. PAH-molekyl kan slik lettare kome inn i lungecellene og gjere skade.

NRK Schrödingers katt