Utprøving av "gult kort" som tiltak for å redusere sjukefråvær i arbeidslivet

Prosjektet "gult kort" er utprøving av eit system for å bistå arbeidsgjevar og arbeidstakar i førebygging og oppfølging av sjukmelde på arbeidsplassen. Dette gjeld spesielt i situasjonar der arbeidstakar har stor restarbeidsevne, men der sjukmelding likevel normalt er det einaste alternativet. Gult kort skal såleis utvikle og prøve ut samhandlingsrutinar og kommunikasjon mellom bedrifter (arbeidsgjevar/arbeidstakar) og offentlege styresmakter, bedrifter, lege/fastlege, og mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Prosjektet skal gjennomføre kvantitative analysar retta mot effekt av ulike funksjonar i systemet. Vidare skal det gjennomførast case-analysar der enkeltståande tilfelle blir grundig følgt, og over tid. Det inngår såleis også som ein viktig del av utprøvingsprosjektet å få erfaring om vilkår for å redusere dei barrierane som eksisterer mellom partane innafor dagens ordning med sjukmeldingar. Hovudproblemstillinga er å avdekke om ordninga er egna til å redusere sjukefråvær i arbeidslivet. Prosjektet er eit samarbeid mellom ulike einingar forankra i Sunnfjord Medisinske senter og er geografisk avgrense til Flora kommune. Vestlandsforsking er vitskapleg ansvarleg under gjennomføringa.

Start date:
End date:
Financed by:
Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane
Id:
2248