Velferdsteknologi for kommunane - Fase 1

Prosjektet skal, etter same modell som prosjektet Meldingsløftet for kommunane, etablere eit breitt samarbeid mellom kommunane i heile Sogn og Fjordane for å setje planlegging og bruk av velferdsteknologi på dagsorden hjå alle kommunane.  Flora og Eid kommune er etter planen dei fyrste som kjem i gang med utprøving, og denne utprøvinga vil vere eksempel for dei andre kommunane i fylket.

Gjennom tett samarbeid med IT-forum Sogn og Fjordane skal det etablerast eit formidlings- og samarbeidsforum for kommunane innanfor velferdsteknologi. Fellesaktivitetar skal gjennomførast både for å formidle kunnskap om teknologi, bruksområde, organisering og samarbeid og teste ut dei første bruksområda i fylket.

Prosjektet skal vidare bidra til å gjennomføre felles planleggingsarbeid for ei vidare satsing i alle kommunane i fylket og skal også vere til hjelp for kommunane og fylket for å kome i posisjon til å vere med i nasjonale pilotar og satsingar innan velferdsteknologi.

Start date:
End date:
Financed by:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Flora kommune
Id:
6343
Project lead:
Leiande seniorforskar og forskingsleiar
Project staff: