Ny turistmessig bruk i verneområde

Artikkel
Id:
Nummer 1 - 2013

Ved oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009 opna regjeringa for å bygge eit kulturlandskapssenter i verneområdet. Artikkelen analyserer kva som gjorde denne nyskapinga mogleg med teoretiske perspektiv om deltaking, mobilisering og makt i planlegging. Datagrunnlaget er henta frå mi doktorgradsavhandling basert intervju, dokumentstudiar og observasjon. Refleksjon med deltakarar og planleggar er gjennomført i samband med presentasjon av førebelse analysar. Fleire faktorar har vore avgjerande for at deltakarane fekk gjennomslag for eit senter med overnatting innafor vernegrensene: 1) Fylkesmannen sin intensjon om reell medverknad og strukturelle endringar for å stimulere til å kombinere vern og bruk, 2)Deltakarane si tidlege mobilisering og utvikling av deltakarfellesskap og kreativitet for å skape nye moglegheiter av vernet, 3) Fylkesmannen si pragmatiske handsaming av ein alvorleg konflikt midtvegs i planprosessen 4) Deltakarane og fylkesmannen sin auka interaksjon etter konflikten og den alliansen dei utvikla for å realisere senteret. Eksemplet Breheimen gir eit signal til vernepolitikken om at når samfunnet endrar seg, kan nye verkemiddel vere naudsynt for å bidra til oppfylling av verneføremålet.

Eivind Brendehaug: Ny turistmessig bruk i verneområde, i tidskriftet Utmark, nr. 1, 2013