Torunn Gauteplass Hønsi

Stillingstittel

Forskar

Akademisk tittel

Dr.scient

Telefon

996 47 465

Tilsett

17.08.2015

Vedlagt CV

Profil

Torunn har hovudfag i molekylær cellebiologi frå NTNU og er dr. scient i økotoksikologi frå Universitetet i Oslo. I doktorgradsavhandlinga utvikla ho og implementerte ulike cellulære biomarkørar, for å påvise tidlege toksiske effektar av miljøgifter i jord.

Ho har arbeidd ved Folkehelseinstituttet med klassifisering/merking av kjemikaliar, undervist i naturfag på Luster vidaregåande skule og i cellebiologi, fysiologi og genetikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har vore driftssjef for SIMAS (Sogn interkommunale avfallsselskap) og har i dei siste 8 åra vore tilsett ved miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Der hovudoppgåvene hennar var ureiningstilsyn av ulike verksemder i fylket, utforming av utsleppsløyve og rettleiing til kommunane om deira forvaltningsoppgåver etter ureiningslova.

Torunn vil i første omgang delta på EØS-prosjektet Conoscede, «Consolidating knowledge on chemical substances for efficient and effective decisions», eit samarbeidsprosjekt mellom instituttet INCDPM i Bucureşti, Romania, Vestlandsforsking, Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo. Målet med prosjektet er å redusere helse- og miljøskader frå kjemikaliar og ureining, ved å auke kunnskapen om toksikologi hjå representantar frå regionale myndigheiter i Romania og gje opplæring i korleis kjemikaliar vert regulert i EU/OECD land.