Ingrid Sælensminde

Stillingstittel

Forskar - permisjon

Tilsett

2008

Arbeidsfelt

  • Lokal miljø- og klimapolitikk
  • Transport og miljø

Profil

Ingrid har ein mastergrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen. Studiet tok blant anna føre seg demokrati og demokratisering, nasjonale og regionale politiske system og politisk organisering. I masteroppgåva studerte ho dei to statsnære forbrukarnettverka Grøn Kvardag og 07-06-05, med fokus på korleis Miljøverndepartementet forheld seg til spørsmål om privatforbruk og miljø. Som ein del av mastergraden studerte ho eit semester ved University of Alberta, Canada. Ingrid har òg studert eit år ved Institut d’Études Politiques i Bordeaux, Frankrike, der ho tok emner i statsvitskap og historie.

Ingrid har vore tilsett ved Vestlandsforsking sidan august 2008. Hovudfelta hennar er lokal klimapolitikk og klimatilpassing, og transport og miljø.