Arbeidsfelt
- Berekraftig reiseliv og Geoturisme
- Verdikjeder for økologiske og lokale matvarer
- Økologi og berekraft som ein strategisk fordel
- Nyskaping og endring gjennom nettverk og brei medverknad
Stillingstittel
Akademisk tittel
Telefon
Tilsett
Eivind Brendehaug er utdanna cand. agric frå Universitet for Miljø- og Biovitenskap og har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 1998. Frå 2007 er han i gang med eit doktorgradsstudium i aksjonsforsking gjennom Edwor programmet (Enterprise Development and Work Life Research). Han studerer utvikling og implementering av modellar (t.d. regionalpark) for korleis verna område kan utgjere ein strategisk fordel for lokalsamfunns- og reiselivsutvikling.
Brendehaug har analysert strategiar for økologiske produkt i matvareindustrien og daglegvarekjedar i Skandinavia, og evaluert styresmaktene sin verkemiddelbruk for å utvikle økologisk produksjon og marknad.
Gjennom fleire prosjekt i regi av organisasjonen Euromontana har han arbeidd med fjellregionutvikling. Han har også dei siste åra vore knytt til prosjektet Verdiskaping 2010: organisasjonsutvikling gjennom bred medverknad (samhandling mellom tilsette og leiing i bedrifter og bedriftsnettverk).