Regional utvikling og næringsutvikling

Det regionale innovasjonssystemet og bedriftene sine nettverk er viktige faktorar for nyskaping og for endring i eksisterande bedrifter og organisasjonar.  Det er viktig at det vert etablert eit godt samarbeid mellom leiarar, tillitsvalde og tilsette i bedriftene for å kunne utnytte kunnskapen til alle tilsette. Vidare er ei tett kopling mellom næringsliv, støtteapparat og FoU viktig for utvikling av regionen som heilskap.  For å oppnå nyskaping og endring med IT er det særleg viktig med samarbeid på tvers av organisatoriske grenser.

Vestlandsforsking deltek i fleire slike satsingar innan utvikling av nettverk internt i verksemder, mellom verksemder og mellom verksemder og forskings- og utviklingsmiljø (FoU).

Døme på slike satsingar er forskingsbasert kompetanseutvikling, Verdiskaping 2010 (VS 2010), samarbeid om breibandutvikling i Sogn og Fjordane og det tilhøyrande arbeidet med It-forum Sogn og Fjordane.


Kontaktpersonar

Publikasjonar

Prosjekt