Kravspesifikasjonar

Arbeidet med kravspesifikasjonar skjer som regel i samband med eit føreståande innkjøp. For å kunna gjera eit godt innkjøp, må ein vita kva ein skal ha. Det er ikkje alltid like lett, og arbeidet med kravspesifikasjonar handlar i stor grad om å setja ord på det kunden (kjøparen) vil ha. I arbeidet med kravspesifikasjonar ser ein også ofte svake sider ved eksisterande system og det er slik sett ofte starten på eit systemeringsarbeid.